….og ikkje kva som helst av lys !!!! Medan Island skriv europeisk (og nesten verdens) fotballhistorie til glede for oss alle, så skriv me her på nordsida europeisk (og nesten verdens) tunnelhistorie – òg til glede for oss alle .
For som den første tunnelen i Europa blir nå Kjøladalstunnelen (den vesle nærast Eiane) opplyst v.h.a solcelle-panel . STAVANGER AFTENBLAD har forska litt nærare på dette fenomenet av ein tunnelbelysning og kome fram til at ein må heilt til Burma og Kina for å finne noko liknande ! Kanskje ventetiden nå er over ! Kanskje alle dagpendlarane og bilistane langsmed fjorden nå endeleg har fått igjen for alle tiiiimane de har venta på ledebilane vinter vår og sommar 🙂 🙂 Les meir om dette LYSANDE tunneleksempelet i STAVANGER AFTENBLAD. Og ikkje nok med det – Kjøladalstunnelen har òg fanga interessen hjå TEKNISK UKEBLAD – og SINUSMAGASINET og LASTEBILEN.NO– der du finn enda fyldigare artiklar om dette lysfenomenet!
PSSST: fotoet er ikkje frå Kjøladalstunnelen – men frå Skottunnelen – som er den lengste tunnelen, som òg nå har fått lys !!!
Og så blei det litt slik med Kjøladaltunnelen som det blei med Island: Kven i all verden skulle vel tru at denne vesle trauste korte tunnelen på kun 133 m skulle bli sååå verdensberømt: tenk me slo alle dei dyre fancy flotte proffe tunnelane i heila verdå
Og husk nå! Nå startar me udante: Bastlitunnelen – Bukkadaltunnelen – Skottunnelen – Varanetunnelen – Kjøladaltunnelen – greitt å vite til neste 17.-mai-quiss
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.