Vinnar av logokonkurranse for Jøsneset Viltlag er kåra – det blei den lokale deltakaren OLA SKIFTUN. Juryen i Viltlaget vektlegg at han har fått med seg kronhjorten oppunder Gunlanuten i soloppgang i solbygda, og Ola sjølv skriv at frå toppen av Gunlanuten er det utsikt over alle jaktvald på Jøsneset. Det kom inn forslag frå 3 personar, ein med heile 40 bidrag, alle veldig gode forslag, men viltlaget likte det lokale forslaget til Ola best.
Premie: Trerettars middag for 2 på restauranten «Charles og de» på Sandnes – råvarer av hjort frå Jøsneset 🙂 GRATULERAR!!
(ååå — nå lure me veldig på : kven ber Ola med seg, mon tru ????)
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.