Månad: juni 2016

Torsdagstrim på torsdag :-)

Denne gongen blir torsdagstrimmen rett og slett på TORSDAG –  nærere bestemt  kl 19.30 den 30.juni – møt opp !

Så blei det lys……

….og ikkje kva som helst av lys !!!! Medan Island skriv europeisk (og nesten verdens) fotballhistorie til glede for oss alle, så skriv me her på nordsida europeisk (og nesten verdens) tunnelhistorie  – òg til glede for oss alle .For som den første tunnelen i Europa blir nå Kjøladalstunnelen (den vesle nærast Eiane) opplyst v.h.a solcelle-panel .  …

«Gågruppa» tar sommar !

Jøsneset helselag si gågruppe går turar kvar tysdagskveld. Men akkurat nå har de tatt sommarferie. Starter opp att i august. Det vil komme info om oppstart på nettsida Men ingen grunn til å legga seg nerpå for det – få med deg ein feriegjest og ta ein tur ut i det grøna graset, i den frodige skogen, opp på ein …

Stille, fin jonsokaften

Tradisjonen tro – jonskok blir feira «på dagen» felles for alle i Skiftustranda. Kvelden var fin – fjorden var stille og folk benka seg til med campingstolane i ei lang rekke på kanten av frukthagen – snautt 50 – Kveldsmåltidet blei tilberedt rundt felles grill og  barna var ivrige krabbefangarar.  Premie til dei som fant …

Torsdagstrim på onsdag

Torsdag 23. juni er Jonsok, og trimmen er derfor flytta fram til onsdag 22. juni klokka 19:30. Velkommen  

Vinnar logo Jøsneset Viltlag

Vinnar av logokonkurranse for Jøsneset Viltlag er kåra – det blei den lokale deltakaren OLA SKIFTUN. Juryen i Viltlaget vektlegg at han har fått med seg kronhjorten oppunder Gunlanuten i soloppgang i solbygda, og Ola sjølv skriv at frå toppen av Gunlanuten er det utsikt over alle jaktvald på Jøsneset. Det kom inn forslag frå …

Velkommen til Jonsok!

Det blir tradisjonell Jonsok-feiring i år og – sjå plakat med informasjon her

Sjønær tomt til salgs – Nesvik

Har du ein draum om å bu på Jøsneset? Kanskje nettopp denne tomta kan oppfylle din draum? Masse info på FINN.NO

Torsdagstrimmen avlyst

Trimmen går dessverre ut denne torsdagen!!

RyfylkeQuissen – Team Hjelmeland på 4.plass

 Finale i RyfylkeQuissen gjekk føre seg fredag kveld på Sand under opning av Ryfylkedagane. 7 lag beståande av 8.klassingar frå 6 Ryfylkekommunar deltok – med 6 stolte ordførarar som tilhøyrarar. På Hjelmelandslaget stilde Kristiane Westerjø, Niklas Svendsen og Amund Thomsen. Dei vant semifinalen i mars, og kom difor til superfinalen – og der dei fekk ein fin 4.plass.Det …

Grusing på gang

To dagar denne veka blei brukt til grusing på skogsvegen opp til Fosstemmen – 103 tonn grus blei lagt ut for å gjere vegen fri for djupe hjulspor slik at regnvær ikkje skal øydelegge dei fine vegane innover heia. Det er Foss Skogsvegforening som har utført arbeidet – Foto Sven Westersjø

Bekjemp brunsneglene!

Dei brune, slimete krypa er langt frå utrydda, og små sneglar blir raskt store i det varme været! Det mest effektive middelet mot brunsneglane er Nemaslug, som inneheld levande parasitter .   Størst effekt får me når alle i nabolaget gjer ein innsats, og søndag 5. juni kl 18 blir det «snegledugnad» hos Silje Sværen. Du kan då …