Det blei ein draumedag på årets 3-NUTSTUR OG HARDHAUSEN !! Stille, sol og lettskya, litt kjølig – men supert turvær i lett og tørt terreng. Det blei rekorddeltaking med 85 små og store som tok turen til Jøsneset sitt tak denne vakre 1.pinsedag.
Vinnar HARDHAUS: CECILIE NATLAND med 5 t 54 min – hemmeleg idealtid: 5 t 50 min.
Vinnar 3-NUTSTUR: KRISTIANE FOSSMARK med 4 t 56
(same som Helge Fossmark – loddtrekning) – hemmeleg idealtid var 4 t 58 min.
Begge vinnarane får ein tursekk i premie !
Arrangøren rosar spesielt familiane som nytta dagen og tok med barna på tur – mange flotte spreke barn som nådde både ein og to og tre og fire toppar !!!
Les meir om toppvandringa under og sjå ein fotoserie frå den fine dagen HER
http://www.youtube.com/watch?v=oG6xiK0FXYI
Og her er ein flott foto/videoserie frå Jarle Nilsen frå Sand – ein av årets deltakarar http://www.youtube.com/watch?v=Seb5CQ4aSyo&feature=youtu.be
Fleire flotte toppturvideoar av han finn ein på «SuldalBoy» på YouTube
Berit og Anne frå Jøsneset Helselag var tidleg parat i sekretariatet i naturskjønne omgjevnader ved Fosstemmen – registrering mellom 9-11. Deretter var det bålfyring og kaffekoking, og litt pause medan deltakarane gjekk turen. Etterpå var de på pletten og registrerte folk inn igjen – blei ein lang dag for dei to, men heldigvis var været flott
Det var toppane som var målet – Det var 85 personar med stort og smått som starta ved Fosstemmen. 45 fullførte Hardhausen, 21 gjekk 3nutstur og 19 gjekk ein eller to nutar. Heile 35 stk deltok for første gong – og supert at fleire av dei var små barn som nådde sin topp. Her frå den høgaste – Gunlanuten 829 moh.
Ein sprek, glad gjeng frå byn – «i klassen for galne bydamer som skal tøffa seg» – etter eige utsagn – og det klarte de til de grader – toppa det heile med full HARDHAUS på første forsøk. Dei blei observert på alle 4 toppar – i følge med den spreke karen i blått – og gjengen var like blide når de var nede ved mål ved Fosstemmen att ! Bravo !
Ein ny flott topp – Røssenibben 718 moh – nesthøgast. Her er det flott utsikt både ut over fjorden og utover fjorden – her Ombofjorden med Randøy og Ombo lengst bak.
To av dei aller minste har fullført sin topp – til og med den høgaste av de alle – Gunlanut – her får de kvar sin liten premie ! Veldig bra !!
Det blei ei sosial, solrik og koselig rastestund for deltakarane i målområdet ved Fosstemmen etter endt tur. Barna bada, kaffen koka, grillmaten putra og folk hadde god tid til å slå av ein prat nå etter målgang.
Takk for flott deltaking av alle 85 små og store. Alt gjekk bra – ingen skader – bare masse blide fjes.
Takk til arrangøren : JØSNESET HELSELAG OG JØSNESET UNGDOMSLAG
Alle foto: Svanhild Hjorteland Gbada
Me tek gjerne i mot dine eigne foto frå turen, og gjerne òg av vinnarane.
Foto kan sendast til bygdaradet@josneset.no
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.