Kodejakt !


I desse dagar blir det sendt ut ein liten flott brosjyre i postkassane til alle husstander i Hjelmeland – klikk på bildet så finn du brosjyren. Det er kulturkontoret i kommunen som igjen trigger til aktivitet og friluftsliv. KODEJAKT !!  10 hemmelege kodar er spreidd ut i vår vakre natur i Hjelmeland – i brosjyren finn du opplysningar om kor kodane er og korleis du kjem deg dit. Ein av kodane er på Jøsneset – på Nesdalsfjellet – som alt er ei merka turløype i bygda vår.

Her kan du slå mange fluer i ein smekk: bli godt kjent i kommunen din, få gode opplevingar og god helseeffekt – og …kanskje du kan vinne flott premie !!  Start gjerne jakta på vår eigen flotte turpost: NESDALSFJELL

Ved turkassen på Nesdalsfjell finn du koden – som på dette foto sjølvsagt er «sladda» – så, ja, du må GÅ opp for å finne den.
På Nesdalsfjell er det benker og flott utsikt – så ta med ein venn, ein kaffekopp og ha GOD TUR !!

utsikt frå Nesdalsfjell

Foto: Svanhild Hjorteland Gbada

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.