Stor skilt-dugnad

Me har tidligare skrive om arbeidet med å samle inn stadnamn på Jøsneset, les om dette her. No skal namna fresast på fine treskilt og plasserast på sine rette plassar rundt i bygda. Bygdarådet inviterer deg til å bli med på skiltproduksjonen!

Me samlast til ein trivelig kveld i sløydsalen torsdag 7. april klokka 18:00. Her treng me folk til å sage, frese, pusse, male – og koke kaffi! Etter kvart treng me og nokon til å henga opp dei fine skilta rundt i bygda.

Har du lyst til å vera med på prosjektet men ikkje kan stilla denne kvelden, kan du ta kontakt med Odd tlf 97705273 eller Sven tlf 92862410

Velkommen!

 

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.