Her ryk påskeflesket !!


God stemning på påsketrimmen mandag – heile 10 stk møtte – mon tru me snakke om rekordoppmøte? Ein ting er sikkert: Skiftudal-buen gjekk av med «seieren» ift oppmøtet – for deltakarane var 100 % geografisk avgrensa frå Bøen i nord til Skiftustrandå i sør 🙂   Men folkens! Dette kan dokke i andre grender gjerne gjere noko med – påsketrimmen blei nemlig så populær at den gjentas Skjærtorsdag kl 19.30.  Vil du vite litt meir om kva du har i vente…..

– ca 10 min oppvarming og opp med pulsen – løping/øvelser rundt i gymsalen
– ca 30 min: 1 el 2 økter styrketreningsøvelser – 45 sek x 10: diverse øvelsar for mage, lår, armar mm – du tar i det du sjølv orkar 🙂
– ca 10 min:  1 økt med kondisøvelsar – intervall : her får du garantert høg puls 🙂  – men framleis: du tar i det sjølv orkar 🙂
– ca 10 min: 1 økt med ut-tøying – ¨åhh – det er herlig…..og litt vondt….og husk å puste 🙂

Deretter kan du gå heim og kose deg vidare med påskegodteriene….og vente på gangsperren som kjem «dagen-derpå»

Alt i regi av «pusharen» Silje Sværen !!  Velkommen !

 

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.