Arkivfoto: Trygve Brandal – leiar Jøsneset Bedehus
Tradisjonen tru orienterte Trygve Brandal om ståa for Jøsneset Bedehus på Bygdarådet sitt årsmøtet mandag 29.02. Brandal gjekk gjennom både rekneskapet og årmeldinga. Styret i Jøsneset Bedehus er stabilt og stødig og med relativt høg gjennomsnittalder. Desse er med i styret: leiar Trygve Brandal, nestleiar Kornelius Nesvik, kasserar: Richard Jensen, sekretær Johanne Bog og styremedlemmer: Gjerd Skiftun og Tordis Nesvik. Saman forvaltar dei bedehuset – fellesbygget for heile bygda. Dei fortjener stor takk og mykje ros for mange års trufast frivilleg arbeid !!!! Påskebasaren er huset si beste inntektkjelde – og kjem nok like årvisst i år som alle år – MØT OPP.
Her finn de ÅRSMELDING2015 og REKNESKAP2015.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.