Jøsneset er ikkje kjent for å vere ein skidestinasjon av kaliber – men desse flotte januardagane etter snøfallet fredagkveld – er det flotte skiforhold alle stader, både på ekrer og bakkar i låglandet og oppvoer heia. Snøen ligg glitrande silkemjuk over alt – og med minusgrader ned i 8-9 så held snøen seg fint. Her frå vegen inn mot Skiftustølen – her er det tråkka eit spor og finfint å gå (om du orkar alle Fossbakkane først). Framleis litt lite snø til at det er greitt å gå ute i terrenget, som td oppover mot Gunlanut – men veldig fint på skogsveg og islagde vatn.
Krokastemmen 17.jan – og her så var så blank og flott stålis velegna for skøyteløp sist helg – nå er det mest eigna for skigåing, ca 15 cm silkesnø. Men finfin skeiseis er det nå nede i ballbingen, der snøen er måka bort.
Skogsvegen mellom Foss og Fosstemmen er fast og fin – godt å gå både på ski og til fots – og ikkje minst: heilt supert til akebrett ned igjen !!
Vegane i låglandet er brøyta og stelde – så her er det ikkje godt å gå på ski – men vakkert er det, så ta gjerne turen til fots, men obs – hald balansen og kle/sko deg godt !
Foto: Svanhild H Gbada, 17.jan16
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.