Cesilie på Nauste inviterar igjen til gratis te/kaffe/kakao kvar lørdag kl 17.00. Dørene på Nauste er opne for eit uformelt og sosialt kafètreff
Det er elles litt utfordrande tider på Nauste nett nå – dette på grunn av tunnelarbeidet som medfører periodevis stengt RV13 – som igjen fører til at dei reisande kjem i puljer. Dette kombinert med dei nye hyppige ferjeavgangane medfører at ikkje så mange oppheld seg på Nesvik ferjekai like lenge som før. Men Cesilie på Nauste svarar på utfordringa med følgjande melding ut på Nauste si Facebookside:
Så vil du ha deg ein matbit på ferja – så ring inn bestillinga di – SMART ikkje sant 🙂 Heia Cesilie !
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.