Isinga av ballbingen som pågjekk før helga gjekk litt opp i mildværet og snøværet som kom i helga – så isen har der ikkje satt seg heilt enda. Brannvesenet har ikkje gitt opp – kallar inn til dugnad i kveld 11 januar kl 18.00 – for å måke vekk ein del snø som har lagt seg og så spreie på meir vatn. Det meldes litt kaldare igjen – så kanskje me rekk islegginga før ny snøfall kjem (onsdag etter meldinga).
Bildet ovanfor er derimot tatt på Krogastemmen 500 moh – Her er isen tjukk og god. Også her falt det snø i helga, men den sterke vinden som var på søndag har feid bort mesteparten – så skeiseforholda er gode der oppe. Denne jentegjengen var opp både lørdag og søndag – og det er smart å vere så godt påkledd som dei er her ! Foto: Silje Sværen.
Men altså – dugnad i BINGEN mandag 11. jan kl 18.00
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.