Månad: januar 2016

Damekveld Onsdag 27/01/16

DAMEKVELD Onsdag 27/01/16 kl 19:30 i Trivselstova. Uformelt treff for alle i alle aldrar. Ta med naboen og kom på kaffi og drøs.

Ny dansegruppe

Ida og Tania inviterer alle danseglade fra 10 til 100 år til dansetrening i gymsalen tirsdagar klokka 18:00!

Nytt tilbod torsdagskveldar

Mildværet satte ein liten stoppar for skøytetrimmen – men fortvil ikkje: Kristiane og Madelen har nytt tilbod på gang:

Bålfyr, grilla hamburgerar og skøytetrim

isbingen er blitt ein kjekk samlingsplass i vinterkulda, og Madelen og Kristiane inviterar kvar torsdag til skøytetrim, sjå artikkel under. Torsdag 21.jan kl 18.00 slår ein saman skeisetrimmen òg med sosial treff og MAT  Bålpanna blir fyrt opp og Bygdarådet spanderer grilla hamburgerar for svultne skøyteløparar.  Ta med skøytene, godt med klær og kom !!! …

Ski og løypeforhold

Jøsneset er ikkje kjent for å vere ein skidestinasjon av kaliber – men desse flotte januardagane etter snøfallet fredagkveld – er det flotte skiforhold alle stader, både på ekrer og bakkar i låglandet og oppvoer heia. Snøen ligg glitrande silkemjuk over alt – og med minusgrader ned i 8-9 så held snøen seg fint. Her …

Skibuss til Sauda frå Nesvik

Suldal Billag set opp skibuss til Sauda Skisenter lørd 23.jan – frå Nesvik om interesse. NB: påmelding.   MEIR INFO

Hjortenytt frå Jøsneset Viltlag

Hjortajakta er ein spennande haustaktivitet for mange på Jøsneset. Lurer du på kor mange dyr som blir skutt kvart år? Det er ikkje få; dei siste 9 åra har det blitt skutt eit gjennomsnitt på 44 hjortar pr år. I følge avskytningsplanen kunne det vore skutt 50 hjort i år. Resultatet blei 40. Her finn du …

Nytt frå Nauste på Nesvik

Cesilie på Nauste inviterar igjen til gratis te/kaffe/kakao kvar lørdag kl 17.00. Dørene på Nauste er opne for eit uformelt og sosialt kafètreff Det er elles litt utfordrande tider på Nauste nett nå – dette på grunn av tunnelarbeidet som medfører periodevis stengt RV13 – som igjen fører til at dei reisande kjem i puljer. Dette kombinert med …

Perfekte skeiseforhold

Det er perfekte skeiseforhold i ballbingen. Isbingen er igjen tømt for snø etter snøfallet onsdag. TAKK til alle som har bidratt til snømåking både onsdag og torsdag. Nå kan Jostein og Sven legge meir vatn og nytt topplag om naudsynt. Det er òg mulig å få perfekte forhold seinare om det skulle bli ein mildværsperiode …

Klar for piruettar !

Etter god dugnad i går med 9 stk snømåkerar så er isbingen nå straks ferdig. Siste vatnlag er lagt og blir fiks ferdig fryst og klar for piruettar, hockeyslag og krosskasting etter kl 17.00 i dag – tysdag 12.jan.Ta med termos, godt lag og skeiser så får du ein kjekk kveld på isen !  Flott …

Dugnad mand kl 18.00 i «is-bingen»

Isinga av ballbingen som pågjekk før helga gjekk litt opp i mildværet og snøværet som kom i helga – så isen har der ikkje satt seg heilt enda. Brannvesenet har ikkje gitt opp – kallar inn til dugnad i kveld 11 januar kl 18.00 – for å måke vekk ein del snø som har lagt …

Is i ballbingen

Kaldværet har sine føremoner – nå blir det skeiseis i ballbingen igjen!! Jostein og Sven i Jøsneset Brannvesen svingar seg her med vannsøyla og dusjar eit jamnt fint vannlag ut over heile flata. Stor tolmodighet og god tid trengs. Dei satsar på at kaldværet held og at det blir skeiseforhold i bingen til lørdag !! …

Torsdagstrimmen 2016

Har du og forsetter om eit sprekt 2016? Då passer det perfekt å finna joggesko og stilla i gymsalen torsdag klokka 1930  Me håper å treffa nye og «gamle» trimmarar i kveld!  Ikkje la deg skremma av denne videoen…. https://m.youtube.com/watch?v=vg3CkeskV7c  

Smarte ferjeruter !!

  Det nye året har jo brakt med seg to ferjer og nye ferjeruter. Det fordrer nye rutetabellar! Me på Jøsnessiå har fått tilsendt ein smart variant som gir alle ferjeavgangar Nesvik-Hjelmeland og vidare Tau-Stavanger med forutsatt kjøretid mellom Hjelmeland og Tau på 40 minutt. Genialt, ikkje sant !! Klikk på tabellen over, så får du den …

To ferjer på fjorden

Nytt fjordlandskap etter 1.1.2016 – to ferjer trafikkerer nå sambandet Nesvik-Hjelmeland-Skipavik. Godt nyttår!