Lokalet på Bøen var fullt tysdagskveld – med ivrige påleggsrullerar – her den yngste garde: Kristiane som sørger for familiens julemat med god hjelp av Elise. Silje hadde handla inn masse flott kjøtmat og stilde matlokalene til disposisjon for ivrige hender. 11 stk møtte opp – og rullå gjekk i kapp med praten – og heim drog de alle med kvar sine rullar med lammerull, sylte og leverpostei ! Nok ein bit av julematen i boks altså !
Full konsentrasjon rundt lammesvankene – Før ein kunne starte rullinga blei to og to svanker sydd saman for å få rullene større. Svankene var av villsau, som er litt mindre enn andre lam, difor to samansydde. Deretter blei det skjært av kjøtt og fylt inni – krydra – rulla – og sydd saman
Joda, de hadde såvidt tid til å gløtte opp innimellom det konsentrerte arbeidet.
Oppskriftstudering og nøyaktig måling av krydderblanding er eit lite triks for godt resultat
Takk til Silje som stilde lokaler og kjøttkunnskap til disposisjon både for unge og de bittelitt eldre 🙂
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.