Månad: desember 2015

NYE FERJERUTER 2016 !

Etter nyttår blir det nye ferjeruter i sambandet Nesvik-Hjelmeland-Skipavik. Det blir to ferjer og mykje hyppigare og utvida ferjefrekvens. Dei nye rutene finn du hos NORLED Viktig er det òg å merke seg presiserte ruteendringar Nyttårsafta og at ferjesambandet Sand-Ropeid opphører frå 01.01.2016 pga nye Sandsfjord bru.

Romjulstrim

Ein blir jo ganske tung og mett i romjul og kjenner på ein bilring eller fem når ribbefettet klistrar seg i ganen og bukseknappen ikkje går igjen   Då kan du pakka gymbagen på onsdag og gleda deg te støle, vonde lår når du har teke armheving og sit-ups for sikkert aller siste gong i år! …

Romjulsvolley

Ungdomslaget inviterar til ROMJULSVOLLEYBALL og ROMJULSPINGPONG tysdag 29. desember kl 18.00 i gymsalen. Kom og bli med – opent for alle !! Trim av deg julefettet og ha ein aktiv og hyggelig kveld. JØSNESET UNGDOMSLAG

Soltrimmen avsluttes

SOLTRIMMEN har vore arrangert på torsdagar for 1-10-klassingar i gymsalen. Nå melder initiativtakarane at dette tilbodet er slutt. Skulle det starta opp att, vil de melde ifrå her.  Kristiane og Madelen.

Kulturprisen 2015 til Smashing Jøsneset

Les meir i dagens Strandbuen – Prisen blir delt ut av ordføraren i kveld 16.12.

Julestemning

Julestemning i heia med eit lite snødryss – her frå Gaukjen ned mot Fosstemmen og over mot Valaheia – 13 des Frå turposten Tausanibbå på Herefjellet Foto: Svanhild Hjorteland Gbada Send oss gjerne julestemningsbilder frå bygda bygdaradet@josneset.no  

Full rulle med lammeruller og sylte

Lokalet på Bøen var fullt tysdagskveld – med ivrige påleggsrullerar – her den yngste garde: Kristiane som sørger for familiens julemat med god hjelp av Elise. Silje hadde handla inn masse flott kjøtmat og stilde matlokalene til disposisjon for ivrige hender. 11 stk møtte opp – og rullå gjekk i kapp med praten – og …

Fem i boks !

Triveleg julekakebakekveld på skulekjøkkenet – her var prinsippet å ha med 1 eigen deig – og kome heim med 5 sorter i boks ! Det funka bra – i år som i fjor. Altiboxbaksten er unnagjort! Skravla gjekk lystig og brune kuler, nissar og dinosaurar og røde hjerter blei trylla fram på brett etter brett – tyske …

Husk påmelding til nyttårsfest!!

Desember er godt i gang, og me minner derfor om påmelding til nyttårsfest i gymsalen. Vil du vera med på ei flott felles feiring så kontakt Sven tlf 92862410, Odd tlf 97705273 eller Silje tlf 95062607 Det er sjølvsagt anledning til å melda seg på ved å legga ein lapp i den gule Bulyst-postkassen  Helsing Bulyst-gruppa  

Husk påmelding til nyttårsfest!!

Desember er godt i gang, og me minner derfor om påmelding til nyttårsfest i gymsalen. Vil du vera med på ei flott felles feiring så kontakt Sven tlf 92862410, Odd tlf 97705273 eller Silje tlf 95062607 i løpet av mandag 7. desember Det er sjølvsagt anledning til å melda seg på ved å legga ein lapp i den gule Bulyst-postkassen  …

Julekakebakekveld !!

Bli med på effektiv og koseleg julekakebake-kveld MANDAG 7.DES kl 18.30 på kjøkkenet på skulen. Opplegget blir i år som i fjor – ta med din kakedeig på di ønskja julekakesort – og kom heim med x antall sortar – alt etter kor mange som møter opp.Meld deg på til Svanhild 97 00 76 36 …