Lunt og vakkert

Ryfylke Visegruppe heldt ein vakker og melodiøs konsert på Jøsneset søndag kveld.  Her var det godt samspel, herleg gitarklang og vakre tonar frå vokalistane. Konserten varte i ein god time – og her var det gjenhør med gamle slagerar heilt tilbake til 1981 – og nyare stoff.

Gruppa var i bygda òg for 5 år sidan – denne gongen kom dei att med både nye låtar og ny vokalist – Anita Nyman Tønnesen. Anitas vakre, mjuke klang passa veldig godt til gruppas herlege akustiske gitarspel.  To av gruppemedlemmene har vore med her heilt sidan starten: Stein Endrsen gitar og Holger Austvoll gitar/vokal – i tilllegg Bjørn Aslaksen på gitar og Reidar Olsen på bass. Dette er folk som kan sine saker – og hadde dermed fortjent eit langt større publikum ein dei 23 som møtte opp i salen. Det relativt låge besøkstalet kan skuldast at det har vore tre andre konsertar i Hjelmeland denne veka.  Men Smile heldige oss som var der – Takk til Ryfylke Visegruppe !!


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.