Flott danseforestilling

9.klassingane Tania og Ida inviterte søndag kveld til danseforestilliing i gymsalen – Dei to har «innsats for andre» som valfag på ungdomskulen, og har brukt høstkveldar til å instruere og trene opp dansegruppa «Little Mix». Denne novemberkvelden viste LittleMix fram sine talentfulle trinn på scenen på Jøsneset – flotte, flinke jenter: to søstre frå Åsland, to søstre frå Skiftudalen,to søstre frå Foss – og så Tania frå Tonå som også var kveldens kvikke programledar, medan lillebror Aaron var kvikk sceneteknikar! Klikk på bildet over, og du får ein liten smakebit på «Royal» – ein liten dans som Ida og Tania har koroegrafert sjølv – og lært opp heile jentegjengen. Kva anna kan me seie: BRAVO  «LITTLE MIX» !!!  Og PS: etterpå serverte jentene eigenproduserte kaker!!! Takk, jenter!

 

 

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.