Rekord på Fosskrossen

For ein gjeng !!
Mandag var det skulestart, og på Fosskrossen blei det nærast «trafikk-kaos»Wink då alle desse 9 skuleborna frå Foss skulle ta skulebussen. For nå er det ikkje nok med den eine bussen; nei,bussjåfør Andreas frå Jøsenfjorden må svinge utom for å hente nokre av dei, for at alle skal få plass.   Her er skulegjengen frå Foss samla på Fosskrossen. Nytt av året er dei 4 skulegutane frå Mexico som har flytta til Foss, saman med mor –  slekt av Elisabeth Førre Smile– gutane ute til høgre i bildet.   Me ønskjer samtidig familien hjarteleg velkomne til Jøsneset !!! Bravo Foss – nå tronar de òg på nyinnflyttingstoppen på Jøsneset !

Me seier òg BRAVO TIL  FOSSÅ !! Nytt av året er dette byggverket – spesialtilpassa dei to skulegutane frå Fosså. I Fossåkrysset har hittil Runar og Vebjørn stått ute og venta på bussen i vær og uvær. Dette hadde Vebjørn ein plan for. På eigenhand har han planlagd og snekra dette buss-skuret! Veldig godt tilpassa bruken: to stolar – ein til Runar og ein til seg. Bord i midten med  oppbevaringsrom for……tja,….kanskje Cola..? Polstra seter på kassar – merket «god kvalitet». Torv på taket og brunbeisa…. Og med vindu ut mot verda og vegen for å kunne følgje med på trafikken .

Joda, Vebjørn – du er nr 1 !!

Foto: Sven Westersjø.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.