Flott tursommar !

Turpostane på Jøsneset har hittil i år hatt godt besøk, og aller mest i juli månad !

Håvehammar (foto) er nok bygdas mest populære turpost – godt tilgjengeleg både frå Foss, Tonå, Asheim og Åsland.  I juli var det 275 besøkande – og 1090 totalt i år – derav 139 barn. SmileDet betyr at turboka for vaksne kanskje snart må byttast ut for andre gong der dette året. Det må vel vere ny rekord – og ennå er det  lenge igjen av 2015.

Gunlanuten 829 moh har òg hatt eventyrleg besøk – spesielt med tanke på at det låg snø der til nærare juni, så mange har gått dit på ski òg i år.  Turen til Nuten er dessutan relativt tung – ein dagstur å rekne. Totalt har det vore 190 stk oppom Gunlanuten i år, og derav heile 62 stk berre i juli mnd. Kanskje òg ein rekord? Turgåing er jammen blitt populært !

Fosstemmen er òg ein populær plass: her har det vore heile 148 stk oppom i juli, og 479 totalt for året – så her er òg boka velbrukt. Fosstemmen ligg snautt 3 km frå Foss med ca 400 m stigning – og det er kanoar og gapahuk til bruk for turfolketWink

Norda Høgaste 690 moh – høgaste topp på Herefjellet har det vore snautt 100 turgåarar – derav ca 30-40 etter Hardhausen (som var pinsehelga) –

Tausanibba ca 500 moh, fabelagtig utsiktsnibbe på Herefjellet bratt opp frå Åsland: 109 stk derav 28 i juli

Så sjølv om sommarværet ikkje har vore like supert som i 2014, så har det tydelegvis vore bra turvær ! Det høge besøkstalet i sommar kan kanskje òg ha noko med å gjere at Håvehammar er med i FriluftslivetsÅr-satsinga, der folk bli oppmoda om å besøke 6 turpostar i kommunen og samle ein bokstav på kvar post og setje i samen til eit løysingsord.

 Me mottar gjerne status òg frå dei andre turpostane rundt om i bygda – er trenden den same der?


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.