Ny felles aksjon for å bekjempe brunsneglane !
Møt opp onsdag 5.august klokka 18:30 hos Silje Sværen på Bøen!
Slik gjer du:
– finn deg ei bøtte el.l. med lokk. Gå ut seint om kvelden eller tidlig om morgonen og plukk små og store snegler opp i bøtta. Sett på lokket og oppbevar godsakene i skyggen fram til onsdag.
– møt opp onsdag kl 18:30 med sneglane du har funne. Det gjer ingen ting om du ikkje finn så mange, me deler på dei me har! – me smittar sneglane med Nemaslug som inneheld snegleparasittar. – alle tek med seg dei smitta sneglane heim, drep dei ved å klippe dei i to, og legg dei ut som åte til andre sneglar.
Ta kontakt med Silje 950 62 607 om du lurer på noko – eller om du har snegleplage, men ikkje får det til å møte den dagen.
Så satsar me på at brunsneglane i bygda går usikre tider i møte!
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.