Ein smashing flott dag

 Masse blide folk var å sjå på Jøsneset 25 juli 15 ! Frå midt på dagen til langt på natt var det smil og latter, aktivitet og dans, god mat og god musikk. YR-meterologane holdt komiteen på pinebenken, og meldte regn….men dagen gjekk over i historia som ein av dei bedre 2015-sommardagane: stille og god temperatur – ein herleg sommmardag og kveld !!!   Me fekk kåra ÅRETS KVIGA og ÅRETS STUT – og JøsnesMeister i Morellsteinspytting !!

Smashing blid og fornøyd var òg denne tøttå – Lene Hjorteland – som vant 5-kampen for kvinner og som dermed kan smykke seg med tittelen «ÅRETS KVIGA 2015» !

Aktivitsdagen på Skiftun kai og Skiftun strand var spennande og gøy – Ca 100 stk tok turen hit, og snautt 20 deltok i aktivitetane medan andre padla kano og heia på deltakarane.

5 ulike aktivitetar blei gjennomført for å kunne kåre Årets Stut og Årets Kvige:
– Vannbæring
– Makrell-presisjons-slenging
– Øksekast
– Pilkast ståande i iskar
– Pingpong i isvatn og deretter palle-løp i sjø.

Til slutt var topp 3 slik:

Årets Stut:
1. Sven Westersjø 46 poeng
2. Jostein Hjorteland 36 poeng
3. Rune Haferkamp og Roy Henningsen delt 3.plass med 31 poeng

Årets Kvige:
1. Lene Hjorteland 42 poeng
2. Kristiane Westersjø 38 poeng
3. Ingeborg Westersjø 37 poeng

Jøsnesmeisterskap i Morellsteinspytting:

1. Svein Egil Korsbø 8,42 m
2. Roy Henningsen 8,40 m
3. Vebjørn Fosså 8,20 m

Etter aktivitetsdagen var det ein liten pause – før det sette i gong ute på skuleplassen:

NORA JABRI drog det heile igong frå scenen med «Royals» og holdt ein flott konsert som ljoma ut over Skiftudalen og sikkert heilt til Ombo: Nydeleg, sterk vokal – ei stjerne som hadde fortjent eit langt større publikum denne kvelden……men skitt au: det var verst for dei som ikkje var der Wink – for alle me andre fekk ei flott oppleving og valuta for biletten !! Nora hadde med seg 3 stk i bandet – så her var profft opplegg, god musikk og herlege stjernekampvinnar !

REIDAR LARSEN: veteranen med dei blåe, råe tonane – ja, men kjenner låtane og pianognistringa – herleg !  Han hadde med seg den drevne gitaristen Arne Skage  – så, ja, her var det klasse !! Stemninga tok seg opp, folk dansa….og muligens kunne dei blå tonane ha trilla enda lengre ut over den magiske solnedgangskvelden…….om det ikkje var ei ferja å nå få artistane.

Etter konsertane var over, var det fest og moro vidare – og ikkje minst utlodning av blomsteroppsatsar og amplar frå Ådland gartneri –  slik at det blei ein og annan som dingla seg heimover med svære ampelplanter utpå nattå !!

Summa – summarum – ein SMASHING FLOTT DAG PÅ JØSNESET – takk til alle som møtte fram og støtta med smil, latter, godprat  !

Ta gjerne ein titt på Strandbuen sin videoreportasje (krev innlogging)

Bla deg gjennom bildene frå dagen nedanfor – smashing flott ikkje sant ?

{gallery}smash15{/gallery}

Alle foto: Svanhild Hjorteland Gbada

Takk til alle sponsorar:

I tillegg til dei på oversikten kjem òg:

AK Møgedal på Sand : sponsing av avisannonser 
Nauste på Nesvik: potetsalat, dressing mm
Hjelmeland Turlag : utlån av kanoar.
Hjelmeland kommune, kopiering

…og sikker fleire med….meir takk skal alle sponsorane få etterkvart !

TAKK TIL ALLE FRIVILLIGE JØSNESBUAR SOM BRUKTE AV SI TID FOR FELLESSKAPET !!!
OG TAKK TIL ALLE HERLEGE GLADE MENNESKER SOM MØTTE OPP !!

Jøsneset Bygdaråd !!

 

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.