Stjernene leverte på SMASHING JØSNESET på lørdag !
NORA JABRI : den unge, flotte stjernekampvinnaren med den kraftfulle, nydlege vokalen – ja, verda ligg for Noras føtter !!
REIDAR LARSEN : veteranen med den råe bluesrøsta og drevne pianospelet – som har stadig nye låtar på lur !!
Ulike artistar, ulike sjangrar. Men begge leverte 100 % – begge to hadde fortjent eit litt større publikum – men alle som møtte på konsertane fekk ein flott oppleving av proffe artistar !!
Og når det gjeld været: Hanne Sørvaag la lista i fjor: når stjernene kjem til Jøsneset, då er været på vår side: ein nydeleg, stille, god-temperatur-aften med ein aldeles rå solnedgang med Reidars blå tonar.
Fyldigare reportasje frå den kjekke flotte Smashing dagen kjem når «det ultra-lokale pressekorpset» har kome til hektene att etter alt ståheien …så følg med folkens !!
Inntil vidare: TUSEN TAKK TIL ALLE DOKKE FESTLEGE GLADE HERLEGE MENNESKER SOM MØTTE OPP – OG «GJORDE DAGEN» !!!!!
Foto: Svanhild Hjorteland Gbada
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.