Scenen er klar

Scenen er pynta med sommarblomar frå Ryfylke Planter – Ådland gartneri, og alt er klar for NORA JABRI og REIDAR LARSEN…..og sola skin !!!

 

 

Ragni Ådland på Ådland Gartneri på Ombo var raus med sommarblomane til Smashing Jøsneset – dei prydar nå scene og partytelt. Gå inn på Facebook og lik/del vår SmashingJøsneset-side – og kom på NORA-konserten, så er du med i trekninga av desse fine blomane !!

Værmeldinga for lørdag er bra: opphaldsvær, perioder med sol, stigende temperatur Smile

Alt er i rute ! Mat og drikkevarer i boks! Nytt partytelt på plass ! Me er klar for rigging !  Gledar oss til NORA – til REIDAR – og til ALLE DOKKE ANDRE !!

På Skiftun kai går kvardagens foreløpig sin vandte gang – med pakking av fersk makerell for Europa. Men på lørdag blir kaien og stranda omvandla til moro og konkurranse: det blir 5-kamp, JM i morellsteinspytting, kanopadling, sal av grillmat og bading ! Bli med på denne uformelle konkurransen !

Skiftudalen ventar på DEG !

Meir info om dagen, finn du HER
Husk: dersom du skal på festen om kvelden m/Reidar Larsen, må billettane kjøpast før kl 18.30 lørdag kveld

 

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.