Legevaktsaka

Bygdarådet var på eit ope infomøte om legevaktordninga, som er under endring. Formannskapet valde å utsetje saka etter innspel frå 4 bygderåd i kommunen, inkludert Jøsneset. Neste behandling blir tysdag 16.juni. Bygdarådet vil sende ny uttale i saka; der me mellom anna vil peike på at me er bekymra for at ambulansebåt-ordninga kan bli svekka av at Hjelmeland endrar ordning + at me ber dei greie ut nærare om me på nordsida av fjorden kan vende oss til Legevakt i Suldal dersom ein treng legevakt på nattetid; når ferja ikkje går. Me må skrive uttalen ila helga. Dersom nokon har synspunt: send snarleg over til bygdaradet@josneset.no.

Les om saka HER . Dei foreløpige innspela frå Bygdaråda HER

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.