Månad: juni 2015

Trening i kveld

Det blir felles trening i kveld, tirsdag, i gymsalen kl 20!

Trim på onsdag

Felles trening i gymsalen er flytta frå tirsdag til onsdag 24. juni klokka 20 

SMASHING DAG PÅ JØSNESET

LØRDAG 25 JULI  blir ein smashing flott dag i Solbygda Jøsneset – Masse aktivitetar frå formiddag til langt på natt for alle aldersgrupper.Mange gode grunnar til å bli og komme til Jøsneset denne dagen !! Jøsneset Ungdomslag arrangerer Aktivitetsdag på Skiftun kai kl 12.00 – 16.00 – ingen påmelding – bare moro, leik og underhaldande 5-kamp på sjø og …

Legevaktsak på vent

Legevaktsaka fekk litt ulike utfall då dei blei behandla i kommunestyrene i Strand og i Hjelmeland. I Hjelmeland blei det i saka påpeika at saka hasta, for å få sagt opp avtalen til rett tid. Kommunestyret gjekk då òg inn for saka – rett nok med ein garanti at folk på nordsida av fjorden kan nytte seg …

Bli med på TUR

Hjelmeland Turlag inviterer til tur  – 28.juni går turen til ULLADALEN-ØREKVAM – samarbeid med Suldal TurlagSiste melding er at det er snø på Blåsjøvegen (hovudvegen inn frå Gullingen) – dersom det framleis er snø på søndag, blir det å gå tilbake til bilane i Ulladalen.Tydeleg sti frå Ulladal til husmannsplass Bakkane – meir utydeleg sti vidare til …

18 JULI – BÅTTUR TIL FØRRE

Me drømmer om stille fjord og nydeleg varm sommar! Kva er vel då betre enn å putre inn fjorden til Førre ! Bygdarådet tek initiativ til fellestur med eigne småbåtar – med bålkos, bading og grilling der inne. Meir info HER

Velkommen felles jonsokfeiring

  Me er på jakt etter materiale til eit flott bål: ta kontakt med Odd Fosså 977 05 273 el bygdaradet@josneset.noMeir info om fellesfeiringa her på PLAKATEN. Velkommen frå Helselaget, Bygdarådet og Ungdomslaget:-)

Kom på trening!

Felles trening i kveld klokka 20 i gymsalen!!

Legevaktsaka

Bygdarådet var på eit ope infomøte om legevaktordninga, som er under endring. Formannskapet valde å utsetje saka etter innspel frå 4 bygderåd i kommunen, inkludert Jøsneset. Neste behandling blir tysdag 16.juni. Bygdarådet vil sende ny uttale i saka; der me mellom anna vil peike på at me er bekymra for at ambulansebåt-ordninga kan bli svekka av at …

Junihimmel

Juni starta røfft! Men nyt dei flotte glimta innimellom!! Knutsvik er staden for flotte kveldshimlar! Så ta ein spasèrtur! Send oss gjerne foto frå «din» kveldshimmel – eller anna frå junisommaren. Send oss òg gjerne tips om ting som skjer eller som kan formidlast her på sida. bygdaradet@josneset.no  

Ei utfordring til deg !

  I postkassane til fastbuande er det nå delt ut ei lita Friluftslivets år-brosjyre ! Det er Kulturkontoret som med dette gir turrelaterte utfordringar til oss alle. Mellom anna å besøke 6 utvalde turpostar i kommunen ila året. Håvehammar er ein av postane – så då kan jo det vere ein enkel, fin start for …

Tirsdagstrening!

Felles trening i gymsalen tirsdagar kl 20 !

Husk tirsdagstrening!

Felles trening i gymsalen i kveld kl 20 !