Månad: mai 2015

Har du hus til leige?

Me skal flytte til Jøsneset og er er interessert i å leige hus frå hausten av. Har du noko til utleige?  Kontakt Wenche Wåland Korsbø, 406 48 984

Klar for Smashing Jøsneset 2015

Komitègjengen i «Smashing Jøsneset 2015» gjer seg klar for NORA JABRI og REIDAR LARSEN – lørdag 25.juli på utescenen skuleplassen JØSNESET i RYFYLKE !  Set av datoen – dette blir stjernebra !   Himmelhøgt heng de !! Ja, for dei er blant stjernene begge to: NORA JABRI – denne unge dama som med si kraftfulle, fabelagtige …

Imponerande deltaking Hardhausen

Jøsnesheia viste seg frå si aller røffaste side søndag 24.mai då Hardhausen og 3-nutsturen blei avvikla. Likevel: heile 46 spreke deltakarar trassa været og var med på toppturgåinga i ei samanhengande lang regnbyge, snøfenner i løypa og kaldt vær. Det var òg fleire barn og vaksne som var på besøk i gaphuken ved Fosstemmen – …

INFO HARDHAUSEN

Hardhausen-arrangementet går sin gang søndag 24.mai. Det har vore noko usikkerheit knytt til snøforholda i fjellet. Joda, ein må rekne med å gå noko i snøfenner til Gunlanut og Røssenibben, og litt òg Valafjell. Herefjellet er snøfritt. Vått terreng, men lyng/vegetasjon er flattrykt, så lett å gå på den måten.  Arrangøren vil sende ut folk i terrenget i …

Status nutane 19.mai

Bilde av dei tre toppane i 3-nutsturen: Gunlanuten, Røssenibben og Valafjell tyrsdag 19.mai. Det er enda ein god del snø i heia.Avklarande informasjon om føreforhold og eventuelt endringar i løypetrase for Hardhausen/3.nutstur kjem på FREDAG 22.mai.   Foto: Lene Kaldheim, teke frå Herefjellet  

Jøsnesposten i sal på Nauste

32. årgang av Jøsnesposten er nå i sal hos Cesilie på Nauste. Kun få eksemplarer igjen!!

Felles trening ONSDAG

Denne veka blir det felles trening i gymsalen onsdag klokka 20 Det blir styrketrening og kondisjon/intervall. Fint hvis dei som har ei treningsmatte kan ha det med. Vel møtt!!

Nær og kjær feiring

Det blei ei tradisjonell, nær og kjær feiring av nasjonaldagen på Jøsneset. Vel, det blei vel ikkje heilt det same utan fana til Jøsneset skule og skulebarna i front bak flaggbæraren i 17.mai-toget. Men toget blei jo flott likevel; med Vebjørn Fosså stødig heilt i tet med sin blåe Ford plenklippetraktor foran brannbilen . Joda, staslig …

Nytt turtips – Kleivane

De hugsar kanskje artikkelen frå i vinter, om skogryddingsdugnaden på Kleivane . Ryddinga er utført, og det har opna seg opp ei flott lysning langs den kommunale vegen mot Foss. «Grantunellen» er borte, det er betre sikt for kjørande og «lettligare» for gåande.  Eit fint lite turtips er å ta ein ca 100-meters avstikkar ut av hovudvegen, ut på utsiktpunktet på Kleivane. …

Trening for alle

Me fortset med felles trening – Alle som vil; Velkommen i gymsalen tirsdag klokka 20!!! Fint hvis alle som har kan ta med seg ei treningsmatte.

Hjartemarsj 2015

7.Mai arrangerte me hjartemarsj rundt Nullen og ca 30 vaksne og born møtte opp på arrangementet. Me hadde hengt opp 20 quiz spørsmål på vegen opp frå parkeringsplassen og mot skuleplassen og ballbingen, så alle vart oppmoda til å svare på. Ingen premiering, men alle fekk flott hjartepins for deltakinga. Varme ferske lappar, kake og …

Sønd 24 Mai Hardhaus og 3 Nut-tur 2015

Søndag 24 Mai er det Hardhausen og 3 nutstur. Sjå plakat her Arrangør: Nasjonalforeningen for folkehelsen Jøsneset Helselag og Jøsneset Ungdomslag Løypekart og meir informasjon finn de vidare i artikkelen her. Kartet under viser den normale løypa – det er altså usikkert om alle toppane er råd å nå til fots. Eventuelt endra løypetrasè vil bli kunngjort. …

Kongestol ?

 Det var ein gong eit furutre ! Det voks på Stien i fred og ro og blei stort og strerkt.  Åra gjekk og det blei større og større. Ein flott plass hadde det; med solrik og vid utsikt utover heile Fossdalen.  Likevel – ein frisk og vindfull vinterdag gjekk det rektig ille! Vinden sleit og …

Takk for innsats på ryddedag

Takk til alle store og små som stilde opp på ryddedagen tysdag 5.mai i ein forrykande vind !  Langs alle vegar frå Nesvik i sør til Knutsvik og Åsland i nord blei det rydda for søppel. Det blei òg vaska frå golv til tak i Trivselstova, og det blei luka ugras i busk-rabattane på skuleplassen.  Så nå er …