Dugnad – Kalvagaren v/Fosstemmen

 LAURDAG 25. APRIL kl 12.00 – Oppmøte FOSSTEMMEN !

Ta med bøtter og raker og kanskje ei grafse el spade. Det blir kjørt opp eitt lass singel, eit lass jord og eit lass ved. Singelen skal fordelast ut både inni gapahuken og utanfor m.a. på stien.  Jorda skal planerast ut og sås i.  Og veden skal løs inn i og inntil gapahuken. Alt dette for å gjere denne fantastisk flotte gapahuken «Kalvagaren» enda meir brukarvennleg og flott for allmenta.

Me oppmodar store og små til å stille på ein sosial og nyttig dag ved Fosstemmen! Det blir servert varm suppe og kaffe ! 
Så me tar oss tid til kos og prat òg Wink   JØSNESET BYGDARÅD !

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.