Palmebadet unnagjort palmelørdag! Dette markerte at vinterens lørdagsbade-sesong i Kogekjellå på Foss er over. Det må vel bety at sommarbadesesongen kan begynne !! Fire, små og store, friske damer plaska uti….og etterpå blei det solboller, kakao og kaffe.
Badinga i Kogekjellå har pågått kvar lørdag kl 16.00 frå oktober14 til Palmelørdag, andre vinteren på rad….dermed har ein lagt løpet for nok ein tradisjon. Tal baderar var nok noko større i fjor vinter, men òg denne vinteren har Kjellå hatt jamleg besøk av 2-6 baderar kvar lørdag. Velkommen igjen i oktober!
Frontstativet til gamletraktoren ans Johan passa akkurat som solbolle-bord…….Hhhmmmm…..kva for ei skal eg velge?
…..eg velger DENNE
Varm kakao, kaffe og nysteikte boller smaka godt etter vinterens siste bad !
GOD PÅSKE FRÅ KOGEKJELLÅ på FOSS !!
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.