Felles trening

 

Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag kan nå tilby alle Jøsnesbuar felles trening i gymsalen der me i oppstarten får hjelp av Aina Fuglestein frå Stas – Ryfylke, til å sette oss i gong. Me ynskjer å tilby alle Trening, styrke og kondisjonstrening gjennom sirkeltrening, Basis Ball m.m. i gymsalen på skulen.

 

Me startar opp Tysdag 17.Mars kl 20:30 og har leid inn Aina heile 5 gonger framover for å kome skikkeleg igong.

For å få dette til treng me:

  • minst 8 påmeldte.
  • det kostar 900kr pr.pers.
  • medlemmer av helselaget får 350kr i rabatt.

Du melder deg på ved å sende mail til:

Helselaget@josneset.no eller

ringsms til 971 12 474 (Berit Torgersen Skiftun)

Det er eit tilbud som går til alle, uansett alder. Ein trenig ikkje vera i god fysisk form for å melde seg på. Så her treng ein ikkje kjenne på noko prestasjonspress.                     Kom som du er og bli med på ei treningsøkt saman i fellesskap. Det er jo tross alt meir inspirerande å trene saman enn åleine.

MELD DEG PÅ I DAG OG FÅ MED DEG NABOEN OGSÅ.

Helsing

Styret i Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag og Aina Fuglestein frå Stas – Ryfylke

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.