Månad: mars 2015

Bedehusbasar 1.april

Jøsneset bedehus, onsdag 1. april kl. 19.00Andakt ved sokneprest Sigrun Hagen ArnesenMatsal i kjellaren –  Kakeutlodning  –  Vanleg utlodningVi treng som vanleg gevinstar til basaren. Alt blir teke imot med takk. Vel møtt til alle! –  Bedehusstyret

Palmebadet unnagjort – God Påske

Palmebadet unnagjort palmelørdag! Dette markerte at vinterens lørdagsbade-sesong i Kogekjellå på Foss er over. Det må vel bety at sommarbadesesongen kan begynne !! Fire, små og store, friske damer plaska uti….og etterpå blei det solboller, kakao og kaffe. Badinga i Kogekjellå har pågått kvar lørdag kl 16.00 frå oktober14 til Palmelørdag, andre vinteren på rad….dermed har …

Bruktmarked

Meir info på PLAKATEN

Glødande FIBER

Revygruppa på Jøsneset jobbar på spreng, og påskerevyen er i rute. Det ryktast at det vil gå ein rød fibertråd gjennom årets program, men at det òg vil bli rom for litt lette spark i ulike retningar. Til nå har gruppa spikra saman ti revynummer, så her er det bare å glede seg. Det blir …

Palmebadet 2

Fleire ting som er i ferd med å bli tradisjon her på Jøsneset : nå PALMEBADET ! Dette skjer sjølvsagt på PALME-lørdag, og markerer sesongslutt av vinterens badesesong med eit siste PLASK uti Kogekjellå på Foss ! Det ser ut som at fjorårets vær gjentar seg; surt, vått og blåsande – like guffent til vanns som …

FIBER !!

Jøsneset Revylag hoppe rundt og «fibrerer» for tida…..og nå inviterar dei store og små, fastbuande og hyttefolk, kvinner og menn, skituristar og ikkje-skituristar, til Påskerevy 2015 : FIBER !!! Det blir to forestillingar, deretter mat/dans/fest – alt i tradisjonen tro !!   Vår eigen JOSÈ spelar til dans !  PÅSKEAFTA 4. APRIL – gymsalen.  Meir info …

Fasteaksjonen 2015

Tysdag 24. mars gjekk konfirmantane Jakob og Madelen rundt med bøsser til inntekt for Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon 2015. Dei blei tatt godt imot hjå folk!!  Fleire som ikkje hadde kontantar  på hus, men berre bankkort, og dei går jo ikkje på bøssene Likevel fekk dei inn 6 510 kroner ! Det var bra. Stor takk til …

Nøklar til skulebygningane

Rasin har fått ein «nøkkelrolle» – bokstaveleg talt. Han samlar inn og lagar oversikt over nøklar til skulebygningane. Har fått god oversikt, men manglar framleis nokre nøklar. Det kan vere at dei ikkje er registrert eller står oppført i andre sine namn. «Etterlysning» : dersom du ein gong i tida har fått tildelt nøkkel til …

25.juli – Nora Jabri og Reidar Larsen

Set av datoen 25 JULI for SMASHING JØSNESET!! To konsertar: først Stjernekampvinnar Nora Jabri og deretter Blueskongen Reidar Larsen !!  Nora var på Artistgalla 2015 på  TV2 lørdagskveld, og her kan du høyre hennar framføring  HERO  ….smashing flotte NORA JABRI Meir info om arrangementet, billettsal mm følgjer. Viktig nå: hald av dagen ! Arr: Jøsneset Bygdaråd og Jøsneset Ungdomslag

Hagekveld på Jøsneset

Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag og Hjelmeland Hagelag inviterer ilag til ein inspirerande kveld.   Tid: TORSDAG 26.Mars. Kl. 19.00 Stad:Trivselstova Solfrid Wannberg frå Suldal Hagelag held foredrag om temaet «Kreativitet i hagen» Det blir servering av kaker og kaffi. VELKOMMEN

Avlysning

Gågruppa blir avlyst dei neste 5 vekene grunna treninga i gymsalen. Helsing Styre

Varme-vaflers-dag

Klikk på plakaten så blir den større.

Flotte forhold i heia

Det er masse snø i Jøsnesheia, og kombinert med det flotte været, er det vel verdt å ta turen oppover mot Gunlanuten på ski. Ein må opp til Krogastemmen før ein kan ta skia på , men deretter er det flotte forhold.  Opp mot Nuten går landskapet i eitt av snø; og jamnar ut dalar og …

Helse i kvar ein tone

  Onsdag 11.Mars hadde me besøk av ekteparet Liv Stenersen og Øyvind Kjus, som saman er duoen Ønskekonserten -Par i hjerter. Dei song både nye og gamle songar, samt at me fekk vera med på ein medley av refrenger som dei hadde satt saman. Det vart ein skikkeleg intimkonsert for alle 16 som møtte opp på …

Nytt frå Ungdomslaget

Laurdag 21. februar hadde Jøsneset Ungdomslag årsmøte i Trivselstova, sjå ÅRSMØTEREFERATLaurdag 07. mars hadde ungdomslaget styremøte, og styret konstituerte seg som følgjande: Leiar – Jon Eiane BrandalSekretær – Sven Gil WestersjøKasserar – Jonas Hjorteland GbadaStyremedlem – Johan FossåStyremedlem – Joar Rosså Varamedlem 1 – Ian BouzaneVaramedlem 2 – Joachim Langvik Ta kontakt på ungdomslaget@josneset.no om …

Nytt frå Bygdarådet

  God debatt på Årmøtet i Bygdarådet 3.mars, og her finn du ÅRSMØTEREFERAT.Årsmøtet gjekk gjennom og godkjende  ÅRSMELDING 2014 og forslag til ÅRSPLAN 2015.Årmøtet gjekk òg gjennom eit spørjeskriv frå kommunen om bruk/drift av skulebygningane, og her er svaret: KARTLEGGING AV GRENDAHUS. Takk til Cesilie Wåland som gjekk ut av styret etter 2 år.Velkommen til nytt styremedlem er …

NAMNEKONKURRANSE

JØSNESET UNGDOMSLAG har bestemt seg for å skifte namn, og utlyser med dette NAMNEKONKURRANSE !! Kva skal laget heite i framtida ??? Kom med DINE FORSLAG !! ….orda ovanfor kun meint for å setje idè-myldringa i gong !! Her er alle gode, fratidsretta kreative forslag velkomne. Styret seier namnet Jøsneset Ungdomslag ikkje lengre er treffande nok, både med tanke på …

SETT AV PÅSKEAFTA !

Tjolabing !!!…nå melder Ungdomslaget at dei er klar for både fest, dans og matservering PÅSKEAFTA !! Så folkens: hald av kvelden til dette ! Det meldes at Josè er booka inn som spelemann  for påskeglade gjester ! Og det ryktes at revygjengen rotar fram kostymer og pusser på nye nummer……»det ryktes» iallefall. Me reknar med …

Konsert

ØNSKEKONSERT MED PAR I HJERTER Onsdag 11. Mars kl.18:00 KR. 100 SJÅ PLAKAT HER

Felles trening

  Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag kan nå tilby alle Jøsnesbuar felles trening i gymsalen der me i oppstarten får hjelp av Aina Fuglestein frå Stas – Ryfylke, til å sette oss i gong. Me ynskjer å tilby alle Trening, styrke og kondisjonstrening gjennom sirkeltrening, Basis Ball m.m. i gymsalen på skulen.   Me startar opp Tysdag 17.Mars kl 20:30 og …