Joda, det er til tider stor møtevirksomhet i bygda, og møteromma opptekne, så torsdagskveld havna Bygderådet i dusjen i gymbygget. Ja,ja….i garderoben då; men veien var kort om ein ville kombinert møtet med ein dusj. Dei mørkegrøne 70-tals fargane på veggene og dei festlege fleirfarga 80-tals gardinene gjorde sitt til at møteeffektiviten steig. Men kaffe blei servert; og det som var tema på møtet var framtida til dei forlatte skulbygningane. Kommunen førebur ei sak om forlatte kommunale bygg i fleire bygder; og Bygdarådet har fått ein del spørsmål ift brukarar, aktivitetar, drift og økonomi knytt til bygningsmassen. Dette blir òg sak på Bygdarådet sitt årsmøte den 3.mars kl 19.00 – så møt opp og bli med å diskuter framtida til skulebygga !! NB: Årsmøtet blir IKKJE i dusjen, men i TRIVSESTOVA
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.