Fana på bildet er nå historie – 17.mai komiteen utfordrar: Kan me få laga ei ny ?
17. mai komiteen vil spreie det glade bodskap om at planlegginga av årets 17. mai feiring er i gong. Vi satsar på ei tradisjonell feiring på skuleplassen som
tidlegare. Feiringa blir tilpassa toget på Hjelmeland, så alle som ønskjer kan vere med både i 17.-mai toget på Hjelmeland og feiring på Jøsneset etterpå.
Vi ønskjer og å få til eit treff nokre kveldar før 17. mai der ungane kan øve på songar og å gå i tog. Dette kjem det meir informasjon om når det nærmar seg.
Vi skulle gjerne hatt ei fane det berre sto «Jøsneset» på i staden for «Jøsneset skule» – nokon som har tips om korleis vi får til det?
Helsing 17. mai komiteen.
Andre tips og forslag kan sendast
til komiteen v/Solveig Bog Bouzane, Rasin Tjeltveit eller Ingeborg
Westersjø.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.