Dei tilsette i barnehagen melder om at det stadig vekk er hundebæsj å finne både på leikeplassen og i ballbingen – og det er ekkelt !! Dei har ikkje føreteke genetisk DNA testing av bæsjane, så dei kan ikkje seie om dette kjem frå store hundar, små hundar, byhundar eller bygdehundar. Men dei er heilt sikre på at det ikkje kjem frå hjort, elg, and, hest eller ku – det er frå HUND . Difor går oppmodinga ut til det ganske land: send hunden din til skogs når den skal bæsje – og om den bæsjer i barnehageområdet: så plukk opp etter den . Takk!
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.