TAKK til alle sprøe friskusar som møtte opp på opning av Friluftslivets år-arrangementet på Foss, Jøsneset 13.januar. Været viste seg frå si mest ustadige side; lyn, torden, haglebyger, snøklessa og vind, ja, eit såpass heftig vær at Jøsnesbygda og delar av Hjelmeland var straumlaus denne kvelden. Trass i alt dette; 37 små og store møtee opp til utandørsarrangement: bratt tur til Håvehammar i mørknå, bading i elvekulpen, viltsuppe og bålkaffe, Fabelaktig ! (Foto: Eldfinn Austigard)
Turen frå Foss til Håvehammar er kun 1 km, men stig frå 100 moh til 260 moh. Her «klatres monsterbakken» med humør og kraft. Flott utsikt frå Håvehammar, som er Jøsnesets mest besøkte turpost.
I hui, hast, snø og kulde blei Friluftslivets År opna med snorklipping av Kogekjellås to «mødre»: Svanhild E. Hjorteland og Ingeborg Westersjø. Og: på førehand hadde arrangøren sendt ut bade-utfordringar i aust og vest, nord og sør : den EINASTE i heile kommunen som tok utfordringa var HALLGEIR EGELAND frå Randøy, som hoppa uti den 1-graders kalde elvekulpen ilag med Jøsnesdamene ! Me «bøyer oss i hatten» for denne sprekingen, som begeistra skildra opplevinga som sjokk-artig etterpå!
Mørkt, kaldt og sjokkarta….Best å komma seg på land til den varma viltsuppå
På Håvehammar var det friskt denne kvelden; men god stemning likevel.
To blide og knallspreke jenter som trass ung alder har lang erfaring frå turgåing som Hardhaus og 3-nutstur…Denne kvelden spratt de opp og ned frå Håvehammar så lett som ingenting; og blei dei første som fekk auge på det snille Fossdalstrollet
Det rare Fossdalstrollet; var det en-øyd eller to-øyd? I alle fall er det allerede blitt ganske gammalt, og er veldig snilt og tålmodig. Står der i Fossbakken og held eit auge med om alle turgåarar kjem seg trygt nedatt frå heia. Slik det også gjorde denne kvelden.
Friske forhold – Ellen Mari i farten i mørknå.
Takk til Suppekokar Silje som måtte koke viltsuppå på vedovnen pga straumstansen.
Takk til Kaffekokar og Bålfyrar Odd , og til Anne Kari og Solfrid som hjelpte til.
Takk til Sven som fekk lys i Britafossen.
Takk til Hallgeir som TOK UTFORDRINGA!
Takk til Svanhild og Johan som heldt kraftstasjonen open som kombinert Suppekjøkkenkafè og Badeomkledningsgarderobe og som skaffa lys pr aggregat.
Takk til Kultur-Eldfinn som klarte å ta dei SKARPE bilda til denne artikkel, og ikkje dei uskarpe.
Takk til ALLE som trossa været og mørknå og som «skapte kvelden» !
Bodskapen med arrangementet og målet med Friluftslivets år er at ein skal ta sitt nærmiljø i bruk, kome saman, skape ute-opplevingar i lag, bruke kroppen og vere aktiv. Målet treng ikkje vere å hoppe i elva, sove ute eller klatre til topps. Gjer det enkelt: ein tur rundt Nullen, ein prat på stranda, ein bålkos i buhagen, ein tur «på bærå». Få med naboen. Godt Friluftslivsår !!
Arr: Hjelmeland Turlag, Jøsneset Bygdaråd Bulystgruppa og Kogekjellås Badevenner
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.