Badevakter trengs

Me treng fleire badevakter

Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag er eit av fleire lag/organisasjonar i kommunen som er med å held symjehallen open for publikum. Gjennom familie og helsebading på måndagane. Men for at dette og andre tilbud i symjehallen skal opprettholdast treng me fleire badevakter.

 

Symjing

 

Alle som vil driva organisert symjeaktivitet i Hjelmeland symjehall (på Hjelmeland ungdomsskule) er plikta til å stilla med godkjent badevakt. For å oppretthalda og styrkja symjetilbodet i Hjelmeland kommune, treng me fleire badevakter.

 

Torsdag 8. januar klokka 19:00 blir det ny godkjenning av badevakter. Godkjenninga er ikkje eit badevaktkurs, og gjeld berre for badevakter i Hjelmeland symjehall.

 

Godkjenninga består av:

* Vassredning frå symjebassenget

* Førstehjelp i symjehallen

 

Alle deltakarar må stilla i badetøy.

Gratis deltaking. Aldersgrense: 18 år.

 

For spørsmål om vassredning:

Astrid Rosså, tlf. 92 40 33 15

 

For spørsmål om førstehjelp:

Morten Hetland, tlf. 45 43 69 05

 

Vel møtt!

 

 

 
 
 
 
 

Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.