Månad: januar 2015

Dugnad på Kleivane

På Kleivane veks det tett granskog; og den var så tett at siste sving mot Foss var nesten som ein tunnel. Men dette er nå i ferd med å forandre seg. Grunneigarane langs vegen har sagt JA til skoging, og fredag var dugnadsgjengen i sving: Richard, Kurt, Sven, Saulius og 4 søsken Hjorteland – Johan, Unni, Torild …

Damekveld 29.01.15

Torsdag 29.01.15 er det tid for Damekveld igjen. Denne kvelden er det ny tid. KL 19:00 Sjå plakat her.

Bæsj er Æsj !

Dei tilsette i barnehagen melder om at det stadig vekk er hundebæsj å finne både på leikeplassen og i ballbingen – og det er ekkelt !! Dei har ikkje føreteke genetisk DNA testing av bæsjane, så dei kan ikkje seie om dette kjem frå store hundar, små hundar, byhundar eller bygdehundar. Men dei er heilt sikre …

TIPS ?

Send oss gjerne eit tips om ting du syns me burde informert om på Jøsnessida. Aktuelle ting? Arrangementer? Stort og smått ? Send oss også gjerne foto. bygdaradet@josneset.no

Nyt øyeblikket 2

Ta turen innover til Fosstemmen – der er ei «anna verd» enn slapset og sorpa i låglandet. Har du først forsert Fossbakkane; så kjem du inn i vinterland. Finfine skiforhold også. Men ver rask: været vårt er jo som kjendt særs skiftande; så også her gjeld det: NYT ØYEBLIKKET – der er jo ikkje sikkert det …

Nyt øyeblikket 1

Vinteren har vore røff! Mørke, regn, tordenvær og storm – uvanleg surt ! Som eit herleg pusterom i vintermørket kom desse herlege januardagane denne veka. Øyeblikket måtte nytast ! Det gjorde Paula Watkins Foss, som stoppa fem gonger på veg heim frå jobb frå Sand for å ta foto av solnegang og vinterhimmelen. Månen heng einsam …

Skikarusellen

Den årlege skikarusell startar måndag 26. januar. All info finn du hos SULDAL IDRETTSLAG    

Takk alle friskusar !

  TAKK til alle sprøe friskusar som møtte opp på opning av Friluftslivets år-arrangementet på Foss, Jøsneset 13.januar. Været viste seg frå si mest ustadige side; lyn, torden, haglebyger, snøklessa og vind, ja, eit såpass heftig vær at Jøsnesbygda og delar av Hjelmeland var straumlaus denne kvelden. Trass i alt dette; 37 små og store møtee …

Nokon som saknar fat og klær??

Det har vore utvask på skulen ila helga ! Der er det funne ein del ting som sannsynlegvis er gjengløymt. Det gjeld nokre fat/tallerkar, ein kakeboks og eit fat (sikkert frå nyttårsfesten). Det er òg ein del klær som ligg att; sjå foto under.Ta kontakt med Unni Fossaa om du ser noko du savnar blant …

«Nina» var innom Jøsneset òg

Uværet «Nina» herja stort i heile regionen laurdag 10.januar 2015. På Jøsneset var det straum-laust i mange timar lørdag ettermiddag og utover kvelden.  Vinden piska godt og sjøen stod svært høgt; så bølgene herja dualigt inn mot kysten. Her er eit eiketre tatt av vinden; flaks at det ikkje traff hytta; vegen til Nesvik blei …

Friluftslivets år – opnar med eit plask

  Klikk på plakaten, så får du den større.

Nytt pendlartilbod frå Nesvik

Tilbodet gjeld for morgonfuglar: Hurtigbåt frå Nesvik kl 05.20 KOLUMBUS SKRIV: Nytt pendlertilbud fra Hjemleland, Ølesund, Sandanger og Fister: Hurtigbåten starter på Nesvik kl. 05.20, går via Hjemleland, Ølesund, Sandanger, Fister og Fisterøyene, før den ankommer Judaberg kl. 06.15. På Judaberg er det båtbytte, og hurtigbåten ankommer Stavanger kl. 07.05. Dette innebærer at det vil …

Badevakter trengs

Me treng fleire badevakter Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag er eit av fleire lag/organisasjonar i kommunen som er med å held symjehallen open for publikum. Gjennom familie og helsebading på måndagane. Men for at dette og andre tilbud i symjehallen skal opprettholdast treng me fleire badevakter.     Alle som vil driva organisert symjeaktivitet i Hjelmeland symjehall …

FRILUFTSLIVETS ÅR – STARTAR MED EIT PLASK

http://www.youtube.com/watch?v=-ZVMJ2P3UW0&feature=youtu.be Friluftslivets år 2015 blir åpna i Kogekjellå på Foss, Jøsneset med eit skikkeleg iskaldt bad i elva !!! Tysdag 13. jan kl 18.00 – det er den offisielle opningsdagen rundt om i heile Norge – me startar først med ein liten oppvarmingstur til HÅVEHAMMAR, deretter bad i Kogekjellå og så gloheit viltsuppe frå bålpanna. Alle velkommen – anten …

Vellykka nyttårsfest

Jøsneset Bygdaråd – bulystgruppa – inviterte heile bygda til felles nyttårsfeiring tidlegare i haust. Det meldte seg ein god del interesserte og det blei nedsett ein frivillig komitè som koordinerte og ordna til.  Kvelden kom og over 50 stk strøyma på med kvar sine fantastiske matfat. Det blei ein herlig og koseleg kveld både for små og …