Julekakebakekveld


Bulystgruppa inviterte til felles julekakebakekveld sist veke, og 4 damer møtte opp med kvar sin deig – og gjekk lykkelege heim med 4 sortar i julepynta kakebommer; det var Tyske skiver, Karamellsnittar, Kokuskaker og Kromkaker som blei produsert. Her er steikemester EllenMari i sving med å håndtere to av sortene

Her er det Tyske skiver som er lagt ut ….enkle å lage, og kjempegode på smak. I bakgrunnen Kokusmakroner: same her; enkel å lage og kjempegode på smak.

Denne oppskrifta er gammal og stammar frå bakar Ernst i Stavanger, og her gjekk det ikkje på slump:-)
Smaker fortreffelig

 

Ferdigsteikte Tyske skiver

To krumkakejern  – klar for steiking

Mmmmm….tenk deg herlig piska krem og molter oppi her …..mmmm…..eller kanskje litt is?…mmmmm

Sjølvsagt god tid til smaking av alle fire produkter.  Dette var ein enkel måte å få fleire kakeslag i boks. Kanskje me prøver igjen neste år – godt tips i juestria syntes iallefall Haldis, Svanhild, Anne og Ellen MariWink

Takk for hyggelig, sosial og svært nyttig kveld.

 

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.