Månad: desember 2014

NYTTÅRSBAD kl 12.00

I år som i fjor: NYTTÅRSBAD I SKIFTUSTRANDA KL 12. 00 (på dagtid altså)  I fjor var det 12 stk som boltra seg i fjorden…..kan me slå ny rekord??  Heilt sikkert er det iallefall: ME FORVENTAR AT FOSSÅFRUENE STILLER – med eller utan badekar (sjå artikkel under).   Treng du inspirasjon? … Sjå kor gøy me hadde …

Bordet er dekka…..

…..salen er varm og ferdig pynta, lysa står klar til å tennast, buffetbordet ventar på gode rettar…..Alt er klart til årets felles nyttårsfest. Startar kl 19.00

Julesnø !

Jippi – fine forhold for ski og akebrett!!  Her er familien Westersjø på veg mot Fosstemmen med ski, kjelke og akebrett. Snøen auka på jo lengre opp ein kom, så det blei tyngre og tyngre å trakka spor. Men snøen er laus og lett og finfin til å renne nedatt i.   Stemning ved Fosstemmen – …

Fossåfruenes Julebad

Kva bedre kan me ønskje GOD JUL med enn Fossåfruenes Julebad !!  Me lurer på om det var mangel på kulp som førte til denne løysinga, ….og avanserte de til Ombofjorden etterpå ?? Herlig ! Jøsneset er plassen for «galne geiter» som desse fruene . Det love godt for NYTTÅRSBADET i Skiftustranda      

Julabadet unnagjort

Godt ka så er gjort i julastriå, tenkte Kogekjelle-Nissane ….og jumpa uti. Kaaaaldt, men friskt og godt etterpå – med kos med kakao, julete og 4 julekakesortar ! Ei lita nisse-rådslaging før dukkerten Brrrr…intet blivende sted for travlne Nissar….. Dronningen av Saba var også innom……eller??…..heller kanskje ein forkledd Nisse?? Oioioi….så kvikke og varme og glade …

Julekakebakekveld

Bulystgruppa inviterte til felles julekakebakekveld sist veke, og 4 damer møtte opp med kvar sin deig – og gjekk lykkelege heim med 4 sortar i julepynta kakebommer; det var Tyske skiver, Karamellsnittar, Kokuskaker og Kromkaker som blei produsert. Her er steikemester EllenMari i sving med å håndtere to av sortene Her er det Tyske skiver …

Tid for JULABADET

Elvekulpbadinga i Kogekjellå går sin gong, i år som i fjor. Det har vore bada kvar laurdag sidan midten av oktober. Og nå er det JULABADET som står for tur !  LØRDAG kl 16.00 Kogekjellå Foss. Det blir rykande varm gløgg/julete og julekakeknasking for å varme oss opp etter det friske badet. Velkommen ! PS: …

Tid for juleferie

Gå-gruppa tek seg ein velfortjent juleferie og startar opp att 6.januar med ny giv. Me vil i den anledning ynskje å takke alle for oppmøte gjennom hausten. Mange kjekke turar i godt sosialt lag har me hatt saman.    Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag ynskjer alle ei fredfull julehøgtid og eit Godt Nytt År.   

Gratulerar Mikal Laks

Astrid Fossaa Viga og Mikal Vika på MIKAS LAKS AS blir idag tildelt HJELMELANDSPRISEN. Me gratulerar !! Les meir på nettsida til Hjelmeland kommune.Foto Hjelmeland kommune

Braksuksess

Tusen hjertelig takk til kvar og ein som tok turen til gymsalen i dag på Juleverkstad. Ein stad mellom 40-50, store og små, deltok på juleverkstaden på kvar sin måte. Knut hadde det travelt i lysstøypinga, då alle hadde lyst til å laga sine eigne lys til jul.   Køen var lang, men det gode …

Nissen nærmar seg…

http://www.youtube.com/watch?v=9hKYQNcBWtA&feature=youtu.be Nissen med Rudolf & gjengen har søkt ly, og fått eit velfortent pit stopp i Blåfjellhytta.Men ingen fare, han er på veg…..med….-just before christmas present…elle va det gift han meinte?? Godt Rudolf har kontroll på ruta iallfall….    

Søndag 14/12 kl. 14-17

Hugs å bli med på JULEVERKSTADEN i gymsalen og sløydsalen. helsing styret i JUL   

Julepålegget ruller

Silje på Bøen og Bygarådets bulystgruppe inviterte òg i år til felles julepåleggskveld. Silje hadde praktiske lokaler og flotte kjøtprodukt frå Fatland klar då den eine kvitkledde etter den andre entra skjærebretta….klar for rullings ! Tilsaman 10 personar rulla og sydde og rulla og sydde…….og vips så blei det både sylterull og lammerull…..og litt til….av julepålegg klart. Les …

Ledig på julekakebakekveld

To av dei påmeldte har meldt avbud, så det er 2 ledige plasser til julekakebakekveld onsdagkveld 10 des på skulekjøkkenet. Ideen her var å bidra med ein kakedeig kvar, og kome heim med 5 ferdigbakte sorter. Kontakt Svanhild på 97 00 76 36 om du er interessert i å hoppe på og bli ferdig med julebaksten …

Nissen i retning Jøsneset?

Det ryktes at Nissen, med Rudolf i spissen, har sett nasen i retning Jøsneset. Han hadde det visst travelt og hadde ein sveeer presang med seg som måtte leveras den vetle bygda før jul. Ikkje veit underteikna kva som er i gjære, men det kan nok svare seg å følgje med….(Kjelde: to Jøsnesbuar som var …

Årets julegåve !

Jøsneset skule er historikk – men tenk, me har samla alle utgåvene av skuleavisa frå 1982-2014 i to tjukke bind. Her er masse moro og ultralokalt lesestoff; alt frå kjente og kjære skuleelevar frå desse åra. Her kan du finne masse godt stoff til julequissen og humre deg gjennom 32 årgangar med smånytt. Joda: Den perfekte …

Tenn lykt

 Prosjektet «Lysnissen» går enkelt og greitt ut på å tenne ei lykt ved utgangsdøra/ved vegen kvar dag kl 18 i heile desember. Det er prosjektgruppa «Begeistringsetaten» i Ski som har dratt ideen igong, og dette er nå blitt landsomfattande og «sprer seg» på sosiale media .  Bli med – det er enkelt, uforpliktande og magisk koseleg i desembermørket   Her er …