Julesong frå utescenen

http://www.youtube.com/watch?v=tTE1s4yYV8w
Herlig julesong frå flinke born på utescenen på skuleplassen på Jøsneset.  Det er etterkvart blitt tradisjon å tenne juletreet ved branngarasjen i eit felles arrangement. Nytt av året var at barna hadde øvd inn 3-4 flotte julesongar; som dei framførte ute på scenen i mørket og kulden – stemningsfullt og fint blei det ! TAKK til flinke songfuglar.  Elles var det fakkeltog frå Skiftukaien, og godt å kome inn varm Trivselstove til hamburgerar, gløgg og kaffe – før det bar ut i mørket igjen til nisse og dans rundt juletreet. Bygdarådet takker alle som møtte opp !

 

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.