Dag: 30. november 2014

Julesong frå utescenen

http://www.youtube.com/watch?v=tTE1s4yYV8wHerlig julesong frå flinke born på utescenen på skuleplassen på Jøsneset.  Det er etterkvart blitt tradisjon å tenne juletreet ved branngarasjen i eit felles arrangement. Nytt av året var at barna hadde øvd inn 3-4 flotte julesongar; som dei framførte ute på scenen i mørket og kulden – stemningsfullt og fint blei det ! TAKK …

Søndag 14. desember

Jøsneset Ungdomslag utfordra kvar og ein til å bli med på årets juleverkstad Sjå plakaten her

Adventsbad

Lørdagsbadinga går sin faste gang. Det har blitt gjennomført 7 lørdagsbad på rad denne hausten; ikkje alle kvar gong: Nokre gonger bra frammøte, andre gonger litt bedre plass i Kogekjellå på Foss. Ganske god plass nå på lørdag då kun 2 x Svanhild stod for adventsbadet.  Men «Kogekjellås Venner» ser lyst på vinteren: Vel møtt til nytt …

Graut, gløgg, saft og kaffi

Med snø i lufta og vindretning rett i mot, var det godt å komma seg inn i Kalvagarden. Der var gløgg og kaffi klare til å komma i koppen, og drøsen gjekk godt rundt bålet. Me var 11 vaksne og 4 born som la første søndag i advent turen frå Åsland til Fosstemmen. Nasjonalforeningen Jøsneset …