1. Søndag i advent, 30/11/14, inviterer Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag til felles adventsmarsj frå Åsland til Fosstemmen. Turen startar frå Åsland kl 12:00 og me går saman til Fosstemmen der det vil vera graut, saft og kaffi til alle fram til kl: 15:00. Ta med deg naboane og møt opp til ein flott start på adventstida. …
Det er siste torsdag i månaden, (27.11.14) ,og tradisjonen tro lagar Nasjonalforeningen Jøsneset helselag damekveld i triveselstova kl 20:00. Denne torsdagen får me besøk av; Aina Fuglestein frå Stas trening – og aktivitetssenter som vil fortelje litt om trening og ernæring. Ho har tatt bachelorgrad i idrett, fysisk aktivitet og helse med hovedfokus på rehabilitering. Et …