Månad: november 2014

Julesong frå utescenen

http://www.youtube.com/watch?v=tTE1s4yYV8wHerlig julesong frå flinke born på utescenen på skuleplassen på Jøsneset.  Det er etterkvart blitt tradisjon å tenne juletreet ved branngarasjen i eit felles arrangement. Nytt av året var at barna hadde øvd inn 3-4 flotte julesongar; som dei framførte ute på scenen i mørket og kulden – stemningsfullt og fint blei det ! TAKK …

Søndag 14. desember

Jøsneset Ungdomslag utfordra kvar og ein til å bli med på årets juleverkstad Sjå plakaten her

Adventsbad

Lørdagsbadinga går sin faste gang. Det har blitt gjennomført 7 lørdagsbad på rad denne hausten; ikkje alle kvar gong: Nokre gonger bra frammøte, andre gonger litt bedre plass i Kogekjellå på Foss. Ganske god plass nå på lørdag då kun 2 x Svanhild stod for adventsbadet.  Men «Kogekjellås Venner» ser lyst på vinteren: Vel møtt til nytt …

Graut, gløgg, saft og kaffi

Med snø i lufta og vindretning rett i mot, var det godt å komma seg inn i Kalvagarden. Der var gløgg og kaffi klare til å komma i koppen, og drøsen gjekk godt rundt bålet. Me var 11 vaksne og 4 born som la første søndag i advent turen frå Åsland til Fosstemmen. Nasjonalforeningen Jøsneset …

Felles nyttårfeiring

Les info om opplegget på PLAKATEN HER

Ein gledeleg overraskelse

Me søkte i høst om penger til nye postkasser, til dei 7 tur postane med bøker, frå Hjelmeland Sparebank sitt Gåvefond. Postkassene me har i dag har vore i bruk i øve 20 år, og me slit med at bøker blir våte og øydelagde av vær og vind. Derfor søkte me om midler til å …

Siste damekveld for i år

I kveld hadde me siste damekveld for 2014. Me hadde beslk av Aina Fuglestein som hadde eit foredrag om trening og kosthald. Les og sjå bilder frå kvelden her

JULEVERKSTAD

Jøsneset Ungdomslag inviterer alle fastbuande, hyttefolk og alle andre i alle aldrar til Juleverkstad i Gymsalen/sløydsalen søndag 14.desember frå kl 14:00-17:00. Her blir det anledning til å lage kransar, julepynt, julegåver m.m  Meir info og plakat kjem når det nærmar seg. Så set av dato og klokkeslett i kalenderen allereie i dag.   Mvh Styret …

Adventmarsj til Fosstemmen

1. Søndag i advent, 30/11/14, inviterer Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag til felles adventsmarsj frå Åsland til Fosstemmen. Turen startar frå Åsland kl 12:00 og me går saman til Fosstemmen der det vil vera graut, saft og kaffi til alle fram til kl: 15:00. Ta med deg naboane og møt opp til ein flott start på adventstida. …

Damekveld 27/11/14

Det er siste torsdag i månaden, (27.11.14) ,og tradisjonen tro lagar Nasjonalforeningen Jøsneset helselag damekveld i triveselstova kl 20:00. Denne torsdagen får me besøk av; Aina Fuglestein frå Stas trening – og aktivitetssenter som vil fortelje litt om trening og ernæring. Ho har tatt bachelorgrad i idrett, fysisk aktivitet og helse med hovedfokus på rehabilitering. Et …

Fiber i 2015

 Salgsavdelingen på LYSE AS har nå sendt ut epostar og brev til interessenter på Jøsneset der dei stadfestar at det blir fibernettutbygging på Jøsneset. Dei skriv at utbygginga vil starte i 1.halvår i 2015, og at framdrifta vil vere avhengig av når sjøkabel kan bli lagt. Utbygginga forutset eigeninnsats; noko dei vil informere om etterkvart. …

Klar for tur?

Gågruppa gir seg ikkje og inviterer alle med på å gå tur saman kvar Tysdag.  Møt opp ved brannstasjonen kl 19, så går me ein kjekk tur saman.  

LINEDANCE-AFTEN

Syns du det såg gøy ut med Linedance? Ja, det eeer gøy! Nå har nybegynnerar og litt «halv-drevne» sjansen til å «laina opp» igjen saman. GYMSALEN TORSDAG 13 NOV kl 19.00. Me friskar opp att det me lærte i august, og lærer frå oss det me kan til nybegynnerar.  Og me kosar oss med litt knask, …

Bli med på konsert

Som annonsert i infoskrivet frå Bulyst-gruppa prøver me å arrangera ein fellestur til konsert med Odd Nordstoga i Suldal kulturhus mandag 1. desember klokka 19. Billettane kostar kr 350,- for vaksne og 175,- for barn. Me satsar på å få til felles transport. Dersom du har lyst til å bli med, er det høve til …

Ei påminning

HUGS GÅGRUPPA I KVELD KL 19:00 FRÅ BRANNSTASJONEN.  ALLE ER HJERTELEG VELKOMNE     

Kanoane «Kalven» og «Kvigå»….

….er nå frakta ned til Foss for vinterlagring! Kjem på plass att i Fosstemmen når liane grønkar og fuglane kvitrar igjen til våren!

Blått panneband funne….

….på skogsvegen opp mot Fosstemmen. Kontakt 97007636 om du saknar det.

Info frå Jøsneset 200 i 2020

Prosjektgruppa Jøsneset 200 i 2020 takkar for oppmøte på kick off tidlegare i haust. For de som ikkje var til stades denne dagen kjem det HER nformasjon om prosjektet. Me håpar verkeleg på støtte frå bygdefolket i arbeidet vårt.

Jøsneset 200 i 2020 Informerar

Prosjektgruppa Jøsneset 200 i 2020 takkar for oppmøte på kick off tidlegare i haust. For de som ikkje var til stades denne dagen kjem det her informasjon om prosjektet. Me håpar verkeleg på støtte frå bygdefolket i arbeidet vårt.