Til inntekt for TV-aksjonen «Vann forandrer alt» var det open kafè i Trivselstova i dag 19. oktober. Godt frammøte i alle aldersgrupper. Det kom inn kr 2410 til TV-aksjonen, som blei putta på bøssene, som tidlegare på dagen òg hadde vandra bygda rundt.
«Kø» i kafeen 🙂
Fossdalsbuen nytta det sosiale høvet til å elga seg inn på Nesvik-damene over kaffekoppane; men ….ser ut som han blei lattermildt avfeid.
Uansett – ei koseleg søndag-ettermiddags-stund til nytte for dei store utfordringane ute i verda. Takk til alle som ga på bøssene, som betalte raust for kaffe og kaker denne dagen; og som bada i Kogekjellå dagen før til inntekt for «Vann-forandrer-alt»-aksjonen.
Dei som ikkje var heime då bøssebærarane kom, kan gi sitt bidrag direkte her til KIRKENS NØDHJELP
Arr: Jøsneset Bygdaråd
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.