Månad: oktober 2014

Damekveld Torsdag 30/10/14

Torsdag 30.oktober kl 20:00 i trivelstova. Me får i dag besøk av Kulturleiar Eldfinn Austigard som vil informera og fortelja oss om dei ulike kulturtilboda i kommunen.   Vel møtt.

Husk øving til juletretenninga i dag!

Viktig melding til alle smånisser!! Me treffest og øver på songar og innslag til juletretenninga fredag 7. november klokka 17:30 i gymsalen Alle ungar og ungdommar blir oppfordra til å bli med og laga julestemning under tenning av juletreet 29. november. Det er berre å møta opp på øving! Har du spørsmål, kontakt Silje på …

Idè-boksen

Bygdarådet har sett opp denne spreke, knallgule, optimistiske idèboksen på Skiftukrossen – rett ved sida av oppslagstavla. Her tek me imot idèar og tips til kva ønskjer nettopp du har for Jøsnesbygda, sosiale tiltak mm. Her kan du også putte inn svarlappar frå INFOSKRIVET me har sendt ut i postkassane. Me har altså sendt ut eit skriv med …

Skummel samling i Trivselsstova

Fredag 31. oktober er det Halloween, og då har nok mange erfart at det vrimlar av små – og litt større- spøkelse, vampyrar og andre skumle skapningar langs vegane i bygda.     For dei som tør inviterer Bygdehekselaget til samling iTrivselsstova klokka 20. Det blir fråtsing i heksenop og paddekaker, grusomme leiker og kanskje …

Fast kaffekos på Nauste

Det nærmar seg vinter og då er det koseleg med kaffekos inne! Cesilie på Nauste på Nesvik inviterar til sosialt treff kl 17.00 kvar laurdag med gratis kaffe/te/kakao. Dette er ein uformell møtestad for drøs og kortspel for folk i alle aldrar. Nå går det mot vinter og det er ikkje så kjekt ute på terassen lengre; …

TV-aksjons-kafè

Til inntekt for TV-aksjonen «Vann forandrer alt» var det open kafè i Trivselstova i dag 19. oktober. Godt frammøte i alle aldersgrupper. Det kom inn kr 2410 til TV-aksjonen, som blei putta på bøssene, som tidlegare på dagen òg hadde vandra bygda rundt.    «Kø» i kafeen 🙂   Fossdalsbuen nytta det sosiale høvet til …

100 kr pr bad til «Vann forandrer alt»

«Kogekjellås Badevenner» har stara opp att ny vinterbading-sesong.Kva var vel meir naturleg enn å la første bad gå til inntekt til årets TV-aksjon «Vann forandrer alt» ! Badinga fortsetter sjølvsagt neste lørd kl 16.00 ! Nye og gamle baderar er velkomne !!  

BADING LØRD kl 16.00

«VANN FORANDRER ALT» er tema for årets TV-aksjon – om enn i ein heilt anna dimensjon enn vår. Me her har det privilegium av å kunne glede oss over masse vann, reint vann, kaldt vann og vann til glede og nytte – i motsetnad til mange andre lands utfordringar.  «Kogekjellås Badevenner» inviterar til nytt kulpebad i …

Innsamlings-Kafè

Klikk på plakaten så får du den større. Info om Kirkens Nødhjelp sin TV-Aksjon «Vann forandrer alt» finn du HER

Gå gruppa

Tysdag 14.oktober kl 19:00 startar me opp att med gå gruppa. Oppmøte ved Brannstasjonen, så går me ein kjekk tur saman. Vel møtt

Badesesongen er ikkje over

Måndag 13.oktober -startar familie og helsebadinga opp att i symjehallen på Hjelmeland. Familiebading 17:30-18:30 – Barnehagealder Helsebading 18:30-19:30 – Vaksne 20 kr born og 30 kr vaksne

JM 2014 Bordtennis

Her kjem eit samandrag frå turneringa