Godt resultat for Romania

Fredag 12 september var det igjen innsamling av klær og utstyr til gode hjelpeprosjekt i Romania. Det er ektepartet Richard og Inger Apeland frå Suldal som er eldsjeler i dette arbeidet. På Jøsneset blei bil og hengar full av innleverte sekkar og esker – fylt med klær, sko, utstyr, leiker mm. Her er Olga Hjorteland og Richard Apeland i sving med å lesse bilen. Apeland kunne fortelje at alt som er samla saman frå distiktet blir fylt opp i ein stor trailer ila helga, og den blei «meir enn full» – Nå er utstyret alt på veg til Romania !


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.