Foto: Eldfinn Austigard Jøsneset Bygdaråd stilde på stand på Tilflyttardagen på Spinneriet søndag. Arrangementen var i kommunal regi, var gratis og ope for alle, men med særskild fokus på siste års tilflytterar til kommunen. Alle bygdaråda i kommunen var invitert til å ha stand; men Jøsneset var einaste bygd som stilde «live» – og det gjorde …
LYSE og Jøsneset Bygdaråd arrangerte fiber-møte fredagkveld. Frammøtet var veldig bra, og nå er interessa stor nok til at det blir utbygging. Dette blei feira med flott sjokoladekake frå LYSE og fiberrike kaker og godbitar frå bygdefolket – samt kaffe og brus. LYSE var til stades med 2 representantar som svarte på spørsmål frå …
«Smashing Jøsneset» 23 august blei ein suksess – frå 09.30 til 02.00 var det full aktivitet på skuleplassen på Jøsneset; med volleyballturnering, kafè, grilling/godmat, HanneSørvaag-konsert og fest/dans på kvelden med Morten Paulsen ! Sjå så mange smilande fjes !! Vel verdt all frivilling innsats for å få det til – takk til alle som stod …
Herleg frittliggande tomt med nyoppussa hus til salgs i Knutsvik, les meir på FINN
Det var tilsynelatande ein heilt vanleg tysdag, i sentrumsområdet rundt Skiftukrossen. Heilt til musa dukka opp…… Katten, la oss kalle han Bobby Bøen, hadde fanga ei mus !Hunden, la oss kalle han Jackie, ville òg ha kloa i den same musa !Det enda opp i eit lurveleven av eit hund-og katt-slagsmål ! I mellomtida ser …
NASJONALFORENINGEN JØSNESET HELSELAG DAMEKVELD TORSDAG 25.september Har du noko restegarn liggande heime? ta det med deg på damekvelden førstkomande torsdag, så kan me saman strikke klede som prematurt fødde born treng. Håpar at du tar turen til Trivselstova denne kvelden saman med oss i Helselaget.
Søndag 28.09 stiller Jøsneset Bygdaråd i Spinneriet på Tilflyttartreff. Arrangementet er opent for alle, men med fokus på årets tilflytterar. Bygdarådet har «stand» og vil presentere Jøsneset med ord, foto og smakebitar. Me blestar òg om «Jøsneset – 200 i 2020». Kom og møt oss der, og her finn du PLAKATEN
Tida er definitivt moden for Buhagen- produkt: herleg kalv- og villsaukjøt, frukt og frisk eplesaft : PRISLISTE haust 2014
Det er ikkje berre frukta som modnast i dei solvendte liane på Jøsneset – det gjer òg NEDENE – dialektord for hasselnøtter. På Jøsneset veks det masse hassel (eller hatlar som eldre jøsnesbuar nok ville sagt), og akkurat nå, på dei solrike vakre septemberdagane, modnast dei veldig fort! Ta turen ut – er du heldig …
Sommaren var varm og hausten er eineståande flott. Frukta modnar, alt kjem på ein gong….og fruktbøndene på Jøsneset og elles i kommunen jobbar på spreng for å få all den saftige, søte frukta trygt ned av trærne …….før den dett ned sjølv. Alle fruktbøndene i kommunen har altså ei svært travel tid; og det er utfordrande …
LYSE OG JØSNESET BYGDARÅD INVITERER TIL VIKTIG INFO-MØTE OM FIBERNETTUTBYGGINGA. FRED 26. SEPTEMBER, GYMSALEN, KL 18.00. Dette er eit viktig møte både for dei som alt har signert kontraktar (som må signere på nytt) og dei nye som har meldt seg, eller vil melde seg, interessert! Møt opp !! Det er òg vel verdt å feire at …
Vinnaren av fotokonkurranse er: ESPEN MELING sitt foto av Ombofjorden. Premien blir i år som i fjor, framkalling av vinnarbildet på akryl! Me gratulerer. Takk til alle som sende inn bidrag.
Lørdag 20.september kl 16:00 arrangerer Ungdomslaget Jøsnesmeisterskapet i ? BORDTENNIS Jøsneset ungdomslag kjøpte i vår inn 2 bordtenninsbord. Nå er det tid for offisiell opning av desse. Me arrangerer i den forbindelse ping pong turnering, der vinnerane kan nytte seg av tittelen Jøsnesmeister i ping pong 2014 Her kan ein stilla i tri klassar; herre, …
NASJONALFORENINGEN JØSNESET HELSELAG Mandag gjekk helselaget med bøsser for Demensaksjonen. Demens kan ramme oss alle. Deg,meg eller en vi er glad i. Resultatet vart 4 285,00 kr i bøssene. Tusen hjertelig takk for alle som har bidratt i årets aksjon. Dagens forskning er morgendagens behandling, og vi har ingen tid å miste. Takk for støtten …
Set av FREDAG 26 sept kl 18.00 . Då kjem LYSE for å informere meir om FIBER og for å teikne nye kontraktar. Og me nyttar høvet til å «feire» fibertilskuddet til bygda med FIBERRIKE godbitar ! Mykje moro med fiber altså. MEIR INFO KJEM !
Fredag 12 september var det igjen innsamling av klær og utstyr til gode hjelpeprosjekt i Romania. Det er ektepartet Richard og Inger Apeland frå Suldal som er eldsjeler i dette arbeidet. På Jøsneset blei bil og hengar full av innleverte sekkar og esker – fylt med klær, sko, utstyr, leiker mm. Her er Olga Hjorteland …
Det 3-årige bulyst-prosjektet «Hjelmeland 24/7» ble denne veka avslutta med ei samling for frivillige lag på Hjelmeland Samfunnshus. Alle dei 5 ulike arbeidsgruppene – deriblandt Jøsneset – presenterte sine prosjekt. Utan tvil: mykje spennande er skapt ila desse tre åra. Men det gledelegaste er kanskje at mykje av det gode arbeidet fortset i ein eller …
Nasjonalforeningen Jøsneset helselag Torsdag 25.9.14 kl 20:00 startar me opp att med damekveld i Trivselstova. Alle er hjertelig velkomne til eit uformelt sosialt lag. VEL MØTT.
Nasjonalforeningen Jøsneset helselag Eldretreffen har oppstart torsdag 18.09.14, kontaktperson Olga Hjorteland tlf 51751947 for påmelding. Middagsservering. Anna kvar torsdag vidare. Alle er velkomne!
Her er årets bidrag til fotokonkurransen. Ombofjorden Fotograf: Espen Meling Ingrid og Hedda nyt flotte sommardagar på ferie på Skiftun Fotograf: Anne Tjeltveit Rick Andre hoppar baklengs uti Fosstemmen Fotograf: Sigurd Opedal Rick Andre tar drikkepause på veg opp til Fosstemmen Fotograf: Sigurd Opedal