Gladmelding om barnehagen

Det har den siste tida òg vore usikkerheit om framtida til Jøsneset barnehage; dette fordi det nå er kun 3 barn igjen i barnehagen frå september. Foreldregruppa og Bygdarådet har arbeidd for at barnehagen må bestå ut barnehageåret 2014-2015.  Dette støtta Formannskapet, og dei vedtok òg at det skal vere to vaksne til stades i kjernetida då alle tre barna er i barnehagen.

Dette er sjølvsagt ein utfordrande situasjon for Jøsnes-bygda. Blir det ikkje auke i barnetalet i denne aldersgruppa ila dette året, kan det  desverre bli kroken på døra òg for barnehagen. For to av barna går vidare på skule neste haust og då er det berre eitt barn igjen i barnehagealder.

Alle forstår kva dette betyr: me treng vekst og tilflyttande barnefamiliar !!

Tips og gode idear mottas med takkSmile


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.