Jøsneset Helselag

Me er Nasjonalforeningen for folkehelsen sitt lokale helselag på Jøsneset.

Styret 2022:
Berit T. Skiftun – leiar
Elsa Nesvik Altamirano – nestleiar
Ellen Mari Fosså – kasserar
Marit T. S. Wyller – sekretær
Svanhild Hjorteland Gbada – turpostansvarleg

Berit Skiftun Hjorteland – varamedlem
Rikard Bjarne Jensen – revisor

Valnemd:
Cesilie Wåland og Anne Tjeltveit

Aktivitetar lokalt på Jøsneset :

SENIORTREFF
Treff for seniorar anten på Trivselstova eller som tur ut i lokalmiljøet – gjerne kombinert med eit godt måltid i lag

TURPOSTAR
I turstiløypenettet på Jøsneset har Helselaget 10 turpostar du kan skrive namnet ditt i og vere med i trekning av premiar.

HARDHAUSEN
Eit turarrangement som skjer kvart år 1. pinsedag.  Turane går primært på dei fire høgaste toppane på Jøsnset, dvs Gunlanuten, Røssenibben, Valafjellet og Norda Høgaste. Basen er gapahuken ved Fosstemmen der det er start/mål-gang og der det er fyr på grillen, kaffe/saft/frukt-servering, premiering og sosial møteplass .

STRIKKEKVELDAR
Uformell treff i Trivselstova med eller utan strikketøy – tid for prat og ein kaffekopp. Skjer nokre gonger kvar vår/haust, sjå aktivitetsplan under.

HJARTEMARSJ
Lokal aktivitet til støtte for forskning og forebygging på hjarte-og karsjukdommar
Skjer i mai under «hjarteveka» og er gjerne ein tur rundt «Nullen» kombinert med ein quiss og fruktutdeling.

DEMENSAKSJON
Årleg innsamslingsaksjon i regi Nasjonalforeningen, og skjer alltid i september.

Les meir om våre planlagde aktivitetar i arbeidsplan for 2022.

Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag er knytt til Najonalforeningen for folkehelsen.

«Nasjonalforeningen for folkehelsen er en frivillig, humanitær, organisasjon. Organisasjonen arbeider med folkehelse, forskning på hjerte- og karsykdommer og demens, og er interesseorganisasjon for personer med demens og deres pårørende. Vår innsats er basert på innsamlede midler og gaver».

Nasjonalforeningen for folkehelsen har fylkesstyrer i 15 områder.
Me ligg tilknytta avdeling Rogaland, med fylkesstyrekontor i Stavanger.
Her finn du oversikt over alle lokallag i Rogaland, inkludert oss på Jøsneset.

Me legg òg ut info på vår lokale facebookside for Jøsnesbygda

Arbeidsplan 2024 :

Årsmøte – 7.mars.
Trekning og premiering av dei ti turpostbøkene..

Strikkekveldar – Det vert arrangert tre samlingar våren 2024 – og hausten 2024:
– onsdag 25.september, onsdag 23.oktober og onsdag 20.november

Hjarteveka – 29.april – 5.mai. «Hopp for hjartet» aksjonen kor skulane sjølv melder på klassar. Helselaget besøker påmelde klassar på Hjelmeland med litt informasjon og frukt.

Hjartemarsj – 1.mai – Hjartemarsj rundt nullen med quiz.

Hardhausen – 19.mai – 1.pinsedag med felles arrangement på Fosstemmen.

Seniorane
o 9.april inviterer helselaget til lunsj (60+) på Grendahuset kl. 12-14. Biblioteksjef Anita Bergøy blir med for å snakka om bøker og tilbod i biblioteket. Det vert servert heimelaga lunsj.
o 29.mai – vert det busstur til Jørpeland. Ein liten spasertur rundt Jørpelandsholmen for dei som vil, ein populær tursti på 2,1 km. Etterpå er det lunsj hos Villa Rosehagen på Jørpeland.
o Det vert lagt opp til lunsjsamling for seniorar også til hausten. Dato for denne etter sommaren.

Demensaksjonen – vert arrangert med innsamling i tilknyting til den internasjonale alzheimerdagen 21.september. Bøsseinnsamling torsdag 19. september

Blomar – ei julehelsing til alle over 80 år på Jøsneset, medlemmer over 80 år på Randøy og Jøsnesbuarar på omsorgsentra.

Turpostar m/bøker – vedlikehald av turstiane og byting av bøker på dei 10 turpostane. På årsmøtet vert det trekking og premiering.

Informasjonsbrosjyre – Infoskriv vert laga vår og haust og delt ut i alle postkassar – sendt til medlemmer utanom Jøsneset.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.