Praktisk info om linedance-kurset

Laurdag 16. august blir det countrymusikk og meir eller mindre taktfaste steg å høyra frå Jøsneset skule!

Me startar i gymsalen klokka 12 og held på til ca. kl 17. Det blir ein god matpause undervegs.

Instruktør er Lisa Albrigtsen frå Huse på Jæren linedance-klubb.

Kurset kostar kr 400,- for vaksne og kr 200,- for barn.

For å berekna mat er det greit å vita ca. kor mange som kjem, så meld di interesse til Silje på tlf 95062607 eller epost silje@buhagen-kultur.com.

Bestemmer du deg i siste liten er det fullt mogleg å berre møta fram i gymsalen klokka tolv – alle er velkomne!


«Sponsor» for kurset er Jøsneset ungdomslag

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.