Påmeldingsfristen har gått ut og seks lag har meldt seg på årets Skiftudal Open. Arrangøren takkar påmeldte lag for tilliten og skal gjera så godt dei kan for å få til ein kjekk dag på skuleplassen. Det ligg ann til å bli ei gruppe der alle møter alle før kampen om pokalane skjer seinare på dagen.
Påmeldte lag: Beach boys, Playa del Skiftu, Øygaarden 171, Jøsneset bhg.’s venner, Team Nesvik og Skiftun Masters. Kampoppsett vil bli lagt ut her på josneset.no i neste veke.
Og til deg som ikkje skal spele……kom oppom skuleplassen denne dagen, vær sosial og stikk innom kaféen for ein kaffi og noko godt å bita i. Regards Sekreteriatet
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.