August-storm

 Laurdag 9. august vart det brått omvelte i sommarværet – då slo stormen til: raskt og kraftig. Første bolk kom tidleg ettermiddag – vindkast som m.a. medførte velt av fleire store trær som her på Fosså.

 Foto: Ellen Mari Fosså

 Det ruska godt om seg på Håvehammar òg denne dagen….berre sjå og høyr her:

http://www.youtube.com/watch?v=bRpQi_f-h_0&feature=youtu.be

 Ustødig film: Svanhild H Gbada

 

Så blei det ein liten «pause» i uværet – før det slo til igjen litt seinare på kvelden; det var ekstremværet «Lena» som ruska på !!

 

 

Her frå Knutsvik; foto tatt av Paula Foss.  Dei har fleire båtar, både eigne og til utleigehyttene. Det blei travelt med berging:

 

 

Dagen derpå i Knutsvik:Foto: Paula Foss

 

Det var òg høg stormflo, og kombinert med sterk vind, blei moloane små. Her frå Skiftun
Foto: svanhild h gbada

Har du melding om skadar?  – eller foto frå stormen? – send inn til bygdaradet@josneset.no

 

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.